Juletre, god mat og god drikke. Gunnar Myrvollen har fanga julestemninga ombord på ein kvalbåt. Bortsett frå dette, gjekk juledagane akkurat som alle andre, seier han.
Juletre, god mat og god drikke. Gunnar Myrvollen har fanga julestemninga ombord på ein kvalbåt. Bortsett frå dette, gjekk juledagane akkurat som alle andre, seier han.

Kvalfangarjul

Korleis er julekvelden på ein kvalbåt i Sørishavet? – Jau, det er som ein vanleg kvardag, det.

Gunnar Myrvollen (71) sit heime i stova i Nesbyen og blar i bilete og minne.

Han veit det, for han har sju julekveldar bak seg på kvalbåtar på andre sida av kloden. Ein julekveld feira han på det digre kvalkokeriet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men feira og feira.

– Eg hugsar at kokken rett nok stelte i stand julemat, så litt meir høgtid vart det. Og så fekk me telegram heimanfrå. Men elles hadde alle noko å gjere. Det var ikkje julefred.

I dag, på julaftan, er det midtsommar i Sørishavet. Det var der dei jakta kval.

To kvaltenner er eit minne frå åra i Sørishavet.
To kvaltenner er eit minne frå åra i Sørishavet.
Gunnar Myrvollen har treft perfekt med kameraet sitt. Harpunen er som frose fast på linsa – på veg mot kvalskrotten.
Gunnar Myrvollen har treft perfekt med kameraet sitt. Harpunen er som frose fast på linsa – på veg mot kvalskrotten.
Isfjella var imponerande. I dårleg ver la kvalbåtane seg i le ved isfjella.
Isfjella var imponerande. I dårleg ver la kvalbåtane seg i le ved isfjella.
Gunnar Myrvollen var i Sørishavet med kvalkokeriet Southern Venturer. Helikopteret på dekket styrta, forøvrig.
Gunnar Myrvollen var i Sørishavet med kvalkokeriet Southern Venturer. Helikopteret på dekket styrta, forøvrig.
Gunnar Myrvollen ombord på Southern Venturer. Båten drog på tokt i Sørishavet og hadde base på Syd-Georgia.
Gunnar Myrvollen ombord på Southern Venturer. Båten drog på tokt i Sørishavet og hadde base på Syd-Georgia.
Denne kontrakten på "Southern Venture" fortalde at Gunnar Myrvollen i utgangspunktet fekk 238 kroner månaden. Resten var bonusløn.
Denne kontrakten på "Southern Venture" fortalde at Gunnar Myrvollen i utgangspunktet fekk 238 kroner månaden. Resten var bonusløn.
Ein kval er skoten og merka før den blir slept inn til kokeriet.
Ein kval er skoten og merka før den blir slept inn til kokeriet.
Gunnar Myrvollen på jobb i Sørishavet.
Gunnar Myrvollen på jobb i Sørishavet.

– Der er det lyst lenge i dag, seier Myrvollen.

– Men det hende me fekk dårleg vêr i jula. Då låg me i le av isfjella.

Han tek fram eit bilete som han tok med det vesle japanske kameraet sitt, ein gong mellom 1955 og 1962.

– Dette isfjellet vart rekna til å vere omkring 60 sjømil langt, fortel han.

15 år gammal

Han legg bilete på bordet og studerer det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då han begynte i utanriksfart på tankbåtar som maskinist, vart julekvelden annleis.

– Det var vakter på brua og i maskinen, resten av mannskapet hadde fri. Etter kvart kunne me også ringe heim. Eg har hatt mange julekveldar ute, sukkar han.

– Lengta du ikkje heim ein slik dag?

– Ein måtte berre bite det i seg.

På stovebordet ligg det mange bilete frå åra i Sørishavet og ved landstasjonen på Syd-Georgia. Han hentar fram eit bilete av kvalkokeriet han drog med, Southern Venturer. 15-åringen, fødd og oppvaksen i Uvdal, begynte som messegut. Kvalfangst var alternativet for mange frå bygda, slik det var for hallingar også. Jobb og gode pengar.

Overvintra

Myrvollen fekk etter kvart jobb som fyrbøtar på ein av dei små kvalbåtane som jakta nådelaust på dei store kvalane i det ugjestmilde farvatnet.

Ein gong, i 1958/59, overvintra han på Syd-Georgia saman med 150 andre. Det var kaldt og mykje snø. Men ikkje kaldare enn av det vart arrangert skirenn ein dag. Myrvollen hentar fram eit innramma diplom. Det er ikkje mange som kan skilte med ein fjerdeplass i langrenn på ein slik stad, 18. juli 1959.

– Det var ein hard jobb å vere fyrbøtar, seier Myrvollen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var full steam heile tida, og det måtte for all del ikkje ryke frå skorsteinen. Gjorde det det, hagla det med kjeft frå han som stod i utkikken, han heldt på å bli kvelt av røyken. Og så høyrde me det small. Men me visste ikkje om kvalskyttaren hadde bomma ...

- Jau, det var veldig hektisk, og det var tøft sjølvsagt for ein 15-åring å dra av garde. Mange fekk heimlengsel også, då måtte me trøyste kvarandre me som kom frå den same bygda.

Julekveldar på havet

I april kom kvalfangarane heim. Det var tjukt med folk på kaia og elleville scener då dei kom, mange med velfylt lommebok.

Det blir fortalt dei villaste historiene om kvalfangarar som slo rundt seg med pengar og køyrde drosje «halve» Norge.

– Jau, det var godt å kome heim, seier han.

Men då gjaldt det også å få seg arbeid før det bar til havs att. Og for Gunnar Myrvollen vart det mange år og julekveldar på havet. Han tok utdanning som maskinist, og var maskinist på ei rekkje oljetankarar. I 1998 fekk han hjarteproblem, då mønstra han av frå 357.000 – tonnaren Berge Broker.

Han tek fram eit bilete av kjempa. Her nede i botnen av kolossen jobba Myrvollen blant 40.000 hestekrefter i over 50 varmegrader. For å få frisk luft stod dei ofte under luftekanalane. Han hugsar godt då at to av Bergesen-båtane gjekk ned på 70-talet, Berge Vanga og Berge Istra.

– Eg skulle ha vore om bord i ein av dei, seier Myrvollen stille.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sett mykje vatn

Han har vore i omkring 80 land, viss han har rekna rett. Det er ikkje mange hallingar som har sett så mykje vatn som han.

Han har vore ute i forrykande uver meir enn ein gong og sett innbarka sjøfolk som har vore heilt gule i ansiktet då det stod på som verst.

– Når bølgjene blir over 20 meter, blir ein båt som eit nøtteskal, seier han.

Bileta på skrivebordet er gode minner. Han tek fram eitt av dei, eitt han verkeleg er stolt av. Og det er ikkje noko rart, for det er eit skikkeleg blinkskot. Teke på ei frivakt på kvalbåten med det nye japanske kameraet sitt som han kjøpte i den vesle butikken, eller «sleppen» som sjøfolka seier, på Syd-Georgia.

– Det var eit avansert kamera den gongen som kunne ta hurtigbilete. Bileta framkalla eg i lugaren til astic-mannen vår, han som sendte elektriske signal på kvalen før dei skaut slik at skyttaren ein kunne peile kor kvalen var.

Eit blinkskot

På bilete Myrvollen tok er ser me harpunen som frosen fast mens den i realiteten er i vill fart mot kvalskrotten.

– Eg hugsar det vart skote ein blåkval ein gong på 100 fot. Berre hjartet vog 600 kilo, seier han.

– Det var eit forferdeleg blodbad. I ettertid har eg tenkt at det måtte ha vore ei veldig pine for kvalen. For det var ikkje alltid at han vart avliva av harpunen. Men me tenkte ikkje på det der og då.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gunnar Myrvollen pakkar ned bileta som ligg utover bordet.

– Eg sakna aldri snøen på julaftan då eg var «ute»: Men eg tenkte alltid på dei heime. Alltid.