Ove Fekene (Uavhengig) meinte kommunen kunne vore meir av ein brubyggjar i staden for å bidra til auka konfliktnivå i saka om Hemsedal næringsforening
Ove Fekene (Uavhengig) meinte kommunen kunne vore meir av ein brubyggjar i staden for å bidra til auka konfliktnivå i saka om Hemsedal næringsforening

Kritiserte avvisinga av næringsforeininga

Hemsedal kommune var ein eksekutør i staden for ein tilretteleggjar, meiner Ove Fekene (Uavhengig).

Det var då kommunestyret tysdag skulle behandle søknaden om å ta Hemsedal næringsforening (HNF) inn i varmen igjen, som ein høyringspartnar, Fekene sa dette. Ordførar Oddvar Grøthe (Sp) var klar på at alle er høyringspartnarar, inkludert HNF, men at det ikkje er sjølvsagt å vere ein kommunal «medaktør».

- Dette er ei vanskeleg sak, med ein brutal eksklusjon, med masse støy i kjølvatnet. Det har gitt folkeprat og har vore øydeleggjande for samarbeidet. Ein kunne unngått konfliktar ved å gjere dette på ein annan måte, sa Fekene.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Eksklusjonen» handlar om at kommunen i fjor sommar valde å ta næringsforeninga ut av lista over samarbeidspartnarar på enkelte område i ein strategiplan.

– Dei må offentleggjere medlemsmassen, elles skaper dei avstand, sa Olav Støyten (KrF).

Det er planlagt eit forsonande møte mellom HNF og kommunen, men det blir etter alt å døme først etter sommaren. Først etter dette kan politikarane ta stilling til om det vil bli eit utvida samarbeid mellom foreininga og kommunen.