Kommunereform i feriemodus
VÅRENS runde om kommunesamanslåingar er over, og det politiske Norge har teke ferie. Dermed kan tida vere moden for å reflektere litt over kva som skjedde. Det openberre resultatet er at det kom betydeleg færre kommunesamanslåingar ut av prosessen enn regjeringa hadde håpa på. Avstemmingane gav partia både i og utanfor regjeringskontora ein klar peikepinn om kvar folket ute i kommunane står. Det er mogeleg dette var eit mysterium i det rikspolitiske miljøet. Ute i Bygde-Norge var det neppe nokon som vart overraska.
UANSETT så vart det lagt ned mykje arbeid i dei lokale prosessane omkring kommunestrukturen. Så mykje at avisa Nationen har spurt ordførarar omkring i landet om korleis dei ser på denne resursbruken. 86 prosent av ordførarane meiner dei har nytta mykje resursar på saka. 41 prosent svarer svært mykje, både av tid og pengar.
Artikkelen held fram under annonsen.
DET ER lett å raljere over fåfengd pengebruk. Me skal likevel ikkje vere smålege. Det er ikkje til å sjå bort ifrå at ein prosess omkring styringa av lokalmiljøet både fører til auka innsikt og skapar engasjement. Me reknar med at mange no veit meir om korleis dei vil ha styringa av lokalsamfunnet dei lever i enn det dei gjorde før prosessane starta. Mange har og eit meir medvite forhold til ordet «kommunen». Dessutan er det no ein gong slik at det aldri blir feil med samfunnsdebatt og engasjement rundt samfunnet me lever i.
PÅ DEN andre sida må me også tillate oss eit litt ramput spørsmål no i ferietida. Ville resultatet av folkeavstemmingane vorte annleis dersom desse hadde vorte gjennomført utan dei arbeidskrevjande forutgåande prosessane? Me tillèt oss å tvile. Som nemnt innleiingsvis, så har ikkje resultatet overraska oss. Tanken om kort avstand mellom befolkninga og det lokale sjølvstyret står sterkt ute i Kommune-Norge. Det same gjer tanken om eit oversiktleg samfunn basert på små administrative einingar.
ME HAR tidlegare skive på denne plassen i avisa at saka kjem attende. Stortinget har eit sterkt ynskje om å endre kommunestrukturen. Debatten mellom dei som ynskjer færre kommunar, anten dei er i posisjon eller opposisjon (Arbeidarpartiet), har vore mest kosmetisk og har handla om korleis ein kunne vore flinkare til å overtyde skeptiske bygdefolk. No ventar me spent på den neste runden. Det som er sikkert er at kommunalminister Jan Tore Sanner har noko å tenke på i sommar.