Tingstugu.
Tingstugu.

Kommuneplanen på dagsorden

Ål kommunestyre skal i kveld behandle kommuneplan for Ål 2015 – 2027, samfunnsdelen.

Kommuneplanen er overordna styringsdokument for Ål kommune. Planen skal liggje til grunn og vera førande for alle saker som blir vedtekne i Ål kommune. Det er ein plan som skal nyttast aktivt av politikarar, administrasjon og andre. Samfunnsdelen av kommuneplanen skal gjelde for minst tolv år og har mål for samfunnsutviklinga og retningsliner for kommunal aktivitet. Den blir rullert kvart fjerde år.