Fjøset på Båstø såg slik ut sommaren 2012, men no fryktar kommunen at taket skal rase. Det er buplikt på eigedomen og kommune leiger ut.
Fjøset på Båstø såg slik ut sommaren 2012, men no fryktar kommunen at taket skal rase. Det er buplikt på eigedomen og kommune leiger ut.

Kommunen må rive låven på Båstø

Låven på gardsbruket Båstø i Hemsedal er så dårleg at kommunen ser seg nøydd å rive han.

Båstø skulle i 2011 bli skuletomt for Norges friluftshøgskule, men etter år med samarbeid med Universitetet i Stavanger er det for lengst klart at det i alle fall ikkje blir noko skulebygg. I 2015 var det sett av 150.000 kroner i budsjettet til nytt avløpsanlegg, men no er det klart at ein må bruke like mykje på å rette opp stabbur og rive fjøset. Det er registrert større roteproblem og det er frykt for fallulykker, og fare for takras av både skifer og plater.

I løpet av dei neste to åra må kommunen også avklare kva for regulering eigedomen skal ha og kva ein vil med kommunalt eigarskap, heiter det i rådmannens handlingsprogram og økonomiplan for 2016–2019.