Reiser du på gardsferie til Banát, får du sjansen til å kome tett på vertskapet. Her er Anna Lyseth saman med fru Karbulova i Svatá Helena. Vertinna tilbaud seng og serverte alle måltid på kjøkenet.
Reiser du på gardsferie til Banát, får du sjansen til å kome tett på vertskapet. Her er Anna Lyseth saman med fru Karbulova i Svatá Helena. Vertinna tilbaud seng og serverte alle måltid på kjøkenet.

Kjøkenet til fru Karbulova

To språkmektige damer frå Hallingdal la i sommar ut på ei eksotisk reise i tid og rom.

Ellen Runderheim frå Gol og Anna Lyseth frå Ål reiste til landsbyen Svatá Helena i den søraustlege delen av Romania. Landsbyen ligg i regionen Banát i grenseområda mellom Romania, Serbia og Ungarn. Regionen er befolka av tsjekkarar som utvandra på 1820-talet.

Språk inga hindring

For norske turistar er språk ein terskel for å reise hit. Folk er kjend for å vere opne og pratsame, men her skal du leite lenge før du finn folk som snakkar engelsk. Skal du kome nokon veg i Banát, må du kunne tsjekkisk. I områda som omkransar regionen, er talemålet rumensk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dét var inga hindring for dei to venninnene frå Hallingdal.

Lyseth beherskar både rumensk og russisk, i tillegg til morsmålet polsk.

Runderheim har hovudfag i tsjekkisk. Ho har drøymt om å reise til Banát sidan ho studerte i Praha på slutten av 1980-talet.

Kart over Banát.
Kart over Banát.
Ellen Runderheim (t.v.) og Anna Lyseth er attende i Hallingdal etter ei reise i tid og rom til Banát i Romania. – Det var som å kome til Tsjekkia i mellomkrigstida, seier Runderheim.
Ellen Runderheim (t.v.) og Anna Lyseth er attende i Hallingdal etter ei reise i tid og rom til Banát i Romania. – Det var som å kome til Tsjekkia i mellomkrigstida, seier Runderheim.
I nyare tid har det begynt å kome vindmøller, men i Banát driv folk framleis jordbruk på gamlemåten og lever eit enkelt liv utan moderne luksus. Landsbyen Gernic i framgrunnen.
I nyare tid har det begynt å kome vindmøller, men i Banát driv folk framleis jordbruk på gamlemåten og lever eit enkelt liv utan moderne luksus. Landsbyen Gernic i framgrunnen.
Kvardagsliv i hovudgata i Svatá Helena. Folk i landsbyen driv jordbruk på gamlemåten. – Det var som å kome til Tsjekkia ein gong i mellomkrigstida, seier Ellen Runderheim.
Kvardagsliv i hovudgata i Svatá Helena. Folk i landsbyen driv jordbruk på gamlemåten. – Det var som å kome til Tsjekkia ein gong i mellomkrigstida, seier Ellen Runderheim.
Lyseth og Runderheim opplevde folket som svært gjestfrie. Dette er ei gamal dame i Banát som dei kom i prat med.
Lyseth og Runderheim opplevde folket som svært gjestfrie. Dette er ei gamal dame i Banát som dei kom i prat med.
Utsikt over den gamle landsbyen Svatá Helena med vindmøllene i bakgrunnen.
Utsikt over den gamle landsbyen Svatá Helena med vindmøllene i bakgrunnen.

– Reisa vart ti gonger så bra som eg håpa på, seier ho entusiastisk.

Ei reise i tid

Det er ikkje mange norske reisebyrå som formidlar turar hit, men i Praha finst det dei som har spesialisert seg på reiser til Banát. For moderne tsjekkarar er dette ei fascinerande reise i tid.

– Forholda i Banát er meir slik dei var i mellomkrigstida i Tsjekkia, seier Runderheim.

Folk lever av småskala jordbruk. Dei har 4–5 kyr, eit par grisar og nokre høner, og dei dyrkar jorda rundt landsbyen.

Tett på

Gardsturismen er av enklaste slag med utedo og låg standard. Det finst ikkje restaurantar – alle måltid et du difor saman med vertskapet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men venninnene frå Hallingdal reiste ikkje på ferie for å oppleve luksus. Dei valde Banát for å oppleve ein gjestfridom det går gjetord om.

– Me fekk leige seng og fekk ete alle måltid på kjøkenet saman med vertinna vår, fru Karbulova. Du kjem tett innpå dei som lever her ved å feriere på denne måten, og det var nettopp det me var ute etter å oppleve, seier Runderheim.

Ingen luksus

Ifølgje Runderheim er det nettopp dei enkle forholda som gjer at dette appellerer til ein nisje av reiselystne. Turistane som reiser hit, kjem for å oppleve det rolege landskapet, gå turar i urørt natur og leve eit enkelt liv. Dei enkle forholda gjer at reisemålet appellerer til ei anna målgruppe enn dei som reiser på «all included» på Mallorca.

– Eg hadde budd meg på at det var eit svært enkelt liv som venta oss – utedo, ingen dusj, ikkje elektrisk straum. Det rare er at me sakna det ikkje heller, seier Lyseth.

Skulle dei på do om natta, måtte dei finne vegen til utedoen ved hjelp av lommelykt.

– Ingen hadde elektrisk komfyr. Men på vedkomfyren diska dei opp med nybakte brød og kaker, og velsmakande omelettar og gryter, seier ho.

Noko å lære

Lyseth seier det er ein stor kontrast mellom dei tsjekkiske landsbyane og dei rumenske områda som ligg rundt.

– På veg til Svatá Helena passerte me falleferdige rumenske landsbyar. Midt iblant stein, bygningsmateriale og støv, heng klesvasken og minner om at det bur folk her. Det er kjempekaotisk og du veit ikkje om det er eit område i forfall eller utvikling, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter som dei nærmar seg Svatá Helena, endrar landskapet seg. Kaoset gjekk over i grøne enger og åkrar.

– Dei tsjekkiske landsbyane i Banát er rett nok fattigslege, men det er ordentleg og ryddig, seier Lyseth.

Ifølgje dei to damene har dei som driv med gardsturisme i Norge, noko å lære. Folk i Banát byr ikkje turistane berre på ei seng og ein utsikt – dei byr på seg sjølve.