Kan få tryggare skuleveg
Kjøp av ein vegstubb skal betre sikkerheita for skulebarn ved Tuv oppvekstsenter.
Tryggare skuleveg er intensjonen når Hemsedal kommune vil kjøpe ein vegstubb mellom Rv52 og skuleområdet. Det kan opne for betre trafikkavvikling ved bringing og henting av skulebarn på Tuv.
Det er i realiteten to eigedomskjøp som må til, med ein samla kjøpssum på 220.000 kroner pluss gebyr. Formannskapet er positive før kommunestyret skal avgjere saka.