Illustrasjons
Illustrasjons

I grøfta for å unngå kollisjon

Ein bilist måtte køyre i grøfta på Rv7 sør i Nes torsdag ettermiddag då ein møtande bil kom over i hans køyrefelt.

Ein møtande bil kom over i motgåande køyrefelt. Medan den snartenkte sjåføren fekk svinga ut i grøfta, og vart ståande, køyrde den andre bilen vidare. Føraren av denne bilen forstod likevel at noko hadde skjedd, og returnerte til ulykkesstaden etter kort tid.

Den kvinnelege sjåføren i 60-åra som kom over i feil felt er no meldt for køyringa, men politiet meiner at det ikkje er grunnlag for å ta førarkortet frå henne.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ingen personar kom til skade, melder lensmann i Nes Ole Tom Hovind.