Høgrebølgje
Høgre gjer det sterkt på gallupane. Men VGs ferske meiningsmåling slår alle rekordar.
Ikkje sidan 1909 – før kvinnene fekk stemmerett – har Høgre hatt fleire veljarar. På meiningsmålinga får partiet 35 prosent. Dette er ein framgang på 3,1 prosent frå forrige måling, og ei dobling frå sist stortingsval. Også Arbeiderpartiet går fram – til 31,1 prosent. Alle andre parti med unntak av Venstre har tilbakegang. Dersom dette skulle blitt valresultatet til hausten, ville Høgre fått 63 representantar mot dagens 30.
Artikkelen held fram under annonsen.
Målinga syner også solid borgarleg fleirtal. Høgre, Venstre, Kristeleg Folkeparti og Fremskrittspartiet ville fått 102 stortingsrepresentantar. Dei raudgrøne ville enda opp med berre 66 representantar.
Men Høgre-leiar Erna Solberg tek ikkje sigeren på forskot. Mykje kan skje fram mot valet og veljarane er mindre lojale enn før. Går me fire år attende i tid, til nokre månader før sist stortingsval, låg Høgre nede med broten rygg. Partiet vaka rundt 11 prosent oppslutnad. Solberg leia eit parti prega av indre strid. Men Høgre-leiaren samla troppane. Partiet gjorde eit brukbart val og fekk godt 17 prosent. Sidan den tid har pilene peika ein veg – oppover.
Kva er så årsaka til denne enorme framgangen? Det er iallfall ikkje dei store kampsakene. Høgre har ikkje fronta nokon vinnarsak. Solberg har tvert om site ganske så stille. Ho har også vore tilbakehalden med å gå i strupen på Stoltenberg og Co. I staden for å kritisere regjeringa, har Høgre-leiaren snakka om Høgre sin politikk. Om partiet sine idear. Løysingar. Om behovet for fornying i regjeringsbygget.
Her ligg også forklaringa på suksessen. Veljarane er lei hakking og politisk kjekl. Dei vil heller ha svar og løysingar på morgondagens utfordringar. Dette har mange veljarar funne hjå Høgre. Dessutan har «Ernafiseringa» resultert i eit mjukare parti. Medan gårsdagens Høgre var oppteken av økonomisk politikk, skatt og «harde» verdiar, snakkar Solberg heller om arbeidsliv, velferd, utdaning og helse. Høgre er blitt meir «lyseblått» og folkeleg.
Men prosentar og valresultat er ein ting. Det hjelper lite om Høgre gjer eit kjempeval til hausten dersom det ikkje også utløyser politisk makt. Og der er partiet avhengig av andre. Høgre må ha hjelp av Fremskrittspartiet og anten Venstre eller Kristeleg Folkeparti. Ja, kanskje begge sentrumspartia. Å meisle ut ein politikk som alle partia kan gå god for, blir Solbergs store utfordring. Det er det som avgjer om ho når sitt store politiske mål – nemleg statsministerstolen. Høgre er blitt meir «lyseblått» og folkeleg.