Heia lokale eigarar

Torsdag fortalde Hallingdølen om familiebedrifta Bims AS i Gol som i meir enn ein mannsalder har forsynt hallingane med leiketøy, parfyme, sko, servise, glas, bestikk, gåve- og kjøkkenartiklar.

Eit kjenneteikn med Bims er at bedrifta framleis er i lokalt eige. Der kjedene og konserna har overteke mykje av butikkane her til lands, finst det framleis ein del bedrifter og institusjonar som har stått i mot oppkjøp. Me seier berre takk og pris!

Skal ein bygge eit levande og robust næringsliv, trengst det både lokale og nasjonale aktørar. Balansen mellom desse gir det beste grunnlaget for stabilitet. Lokalsamfunn med einsidig næringsgrunnlag blir lett råka av nedgangstider.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hallingdal er lite prega av dei store konjunkturskifta. Ein av grunnane til dette er at regionen har eit relativt variert næringsgrunnlag, og at det framleis er mange lokale eigarar, slik som i Bims AS.

Det er bedrifter i lokalt eige som er garantien for eit allsidig næringsliv. Det finst mange slike døme. Anten me snakkar om reiseliv, produksjonsbedrifter eller bygg og anlegg har dei store motorane ein fellesnemnar; lokale eigarar. Desse er blitt garantien for vekst i regionen.

n Lokale bedriftseigarar er meir villige til å stå på for arbeidsplassane.

n Lokale bedriftseigarar kan kunsten å klore seg fast.

n Lokale bedriftseigarar tek meir ansvar i lokalsamfunnet enn konserna.

Dette står dessverre ofte i sterk kontrast til dei store eigarane som berre ser på botnlina. Dei store konserna yter sjeldan meir enn dei må til lokalsamfunna. Eit godt døme er finansnæringa, sist representert ved milliardbutikken DNB. I fjor vart Hallingdal for liten for Norges største bank. Dei pakka saman, og inviterte kundane med til Hønefoss. Ikkje alle sette pris på den gesten, ikkje minst dei tilsette.

Men banken etterlét seg eit tomrom som dei lokale aktørane fyller att. Og om kort tid flyttar lokale Skue sparebank inn i lokala som DNB stakk frå. Velkomen skal dei vera!

Bims-butikken i Gol har gjennom sine 40 år bidrege med både arbeidsplassar og skatteinntekter til lokalsamfunnet. Men ikkje berre det: Pengane har blitt i bygda. Og det er også eit viktig pre ved lokal eigarskap. Overskotet blir ført tilbake i bedrifta, og ikkje støvsugd ut av dalen.