Hamna på taket
Ein mann vart sendt til legevakt for sjekk etter å ha køyrt av vegen ved Robru rett før midnatt torsdag kveld.
Føraren var åleine i bilen då han køyrde utfor, og hamna på taket.
Nødetatane rykka ut, men etter legesjekken synte det seg at mannen i 30-åra ikkje var skadd. Prøvene viser at det ikkje er tale om promillekøyring.