Politiet pågreip ein berusa og kranglete mann i Nesbyen natt til sundag. (Arkivfoto)
Politiet pågreip ein berusa og kranglete mann i Nesbyen natt til sundag. (Arkivfoto)

Hamna i fyllearresten

Ein mann i slutten av 20-åra måtte overnatte i fyllearresten natt til sundag etter å ha laga bråk i Nesbyen sentrum.

Fyrste gongen politiet møtte på mannen viste dei han bort frå sentrum på grunn av krangling og fyll. Litt seinare måtte politiet igjen ta hand om mannen, og då gav dei han også ly for natta.