Gol-nei til Vigrid
I likskap med mange kommunar i Norge har no også kommunestyrerepresentantane i Gol fått ein førespurnad frå den nynazistiske organisasjonen Vigrid.
Torsdag i førre veke fekk politikarane i Flå førespurnaden om samarbeid, men ordførar Tor Egil Buøen (Bygdelista) avviste den kontant. Det gjer også kollegaen i Gol, Heidi Granli (Ap).
- Det er ikkje aktuelt med eit samarbeid. Organisasjonens verdisyn er ikkje i samsvar med det verdisyn kommunen og demokratiet i Gol etterlever, seier Granli.