Godkjenner planar for klatrehall
Geilo klatreklubb har fått idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning av klatrehall etter innsende teikningar. Det er Kulturdepartementet som gir slik godkjenning.
Departementet har vurdert planane og godkjent dei med to merknader:
Artikkelen held fram under annonsen.
n Klatrehallen må tilfredsstille dei krava Norges Klatreforbund stiller til slike hallar.
n Det er ein føresetnad at anlegget blir gjort tilgjengeleg for funksjonshemma.
Det kan søkjast om tilskot på 1/3 av godkjend kostnad inntil 2,5 mill. kroner til klatrehall med minimum 200 kvm klatrevegg som er minst 10 meter høg.
Idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning gir ingen garanti for tilskot frå spelemidlane. Godkjenninga gjeld i to år, før det eventuelt må søkjast om forlenging.