Generalprøve

Tilfeldig, eller bevisst? Ser me ein strategi der regjeringsmakt om to år er det endelege målet?

Tøffe forhandlingar og fordeling av posisjonar er også ei side ved kommune- og fylkestingsvala. Merkelege og ulogiske samarbeidskonstellasjonar dukkar opp. Som då Høgre og Fremskrittspartiet i Nes slo seg saman med «erkefienden» Arbeiderpartiet etter valet for fire år sidan. Eller som i Tynset der SV fekk ordføraren med støtte frå Kristeleg Folkeparti, Høgre og Fremskrittspartiet. Men samarbeidskonstellasjonane fylgjer oftast skiljelinene på riksplan – dei raudgrøne (Ap, SV og Sp) mot dei ikkje-sosialistiske (Høgre, Fremskrittspartiet, KrF og Venstre).

Artikkelen held fram under annonsen.

Forhandlingane er ikkje sluttført i alle kommunar og fylkesting. Like fullt teiknar det seg eit mønster. Venstre og KrF er i ferd med å snu ryggen til Høgre og Fremskrittspartiet. I staden vender dei seg mot Arbeiderpartiet. No sist i Bergen. Her er dei to sentrumspartia i drøftingar med Arbeiderpartiet som på si side har droppa SV. Også i Trondheim har Venstre og KrF gått saman med Arbeiderpartiet. Det same skjedde i fylkestinget i Rogaland. I Buskerud overtek Arbeiderpartiets Roger Ryberg som fylkesordførar med støtte frå Senterpartiet og Venstre. Og i Hallingdal hjelpte sentrumspartia Arbeiderpartiet med ordføraren i både Hol, Ål og Gol.

At Arbeiderpartiet prøver å vinne Venstre og KrFs gunst, er ikkje tilfeldig. Dette er ein bevisst strategi. For partileiar Jonas Gahr Støre vil attende til regjeringsbygget. Samstundes veit Gahr Støre at vegen til regjeringsmakt går gjennom sentrumspartia. Iallfall så lenge SV vakar rundt sperregrensa. Det raudgrøne regjeringsprosjektet er daudt. Å basere seg på berre Senterpartiet er dessutan for usikkert. Gahr Støre ser at han må ha minst to, eller helst alle sentrumspartia på laget dersom han skal få til ei fleirtalsregjering i 2017.

At denne samarbeidskonstellasjonen no blir prøvd ut i mange kommunar, byar og fylkeskommunar er ei generalprøve på det som kan bli utfallet etter neste stortingsval – ei fleirtalsregjering med Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Venstre og KrF. Jonas Gahr Støre vil mykje heller samarbeide med desse partia framfor eit skadeskote SV, eller eit uberekneleg og umodent Miljøparti De Grønne.

I Venstre og KrF veks misnøyen med den blåblåe regjeringa. Ved å samarbeide med Arbeiderpartiet slepp ein å støtte ei regjering der Fremskrittspartiet styrer mykje av politikken. Og Senterpartiets Trygve Slagsvold Vedum får realisert draumen om eit samla sentrum. Difor blir dette ei viktig og avklarande generalprøve – både for veljarane og det som kan bli dei nye samarbeidspartia.