Politi.
Politi.

Gasslekkasje i Hemsedal

Fredag kveld fekk politiet melding om at det lak gass frå ein propantank ved ein overnattingsstad i Hemsedal.

Gasstanken hadde truleg blitt utsett for skadeverk. Brannvesen, sjukebil og politi vart sendt til staden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein tilsett greidde raskt å stenge gassen, og hindra ein større lekkasje.

Politiet opplyser at saka vil bli etterforska.

Fyll og bråk

Politiet måtte elles rykkje ut fleire gonger etter melding om fyll og bråk i Hemsedal denne helga.

Klokka 4 natt til laurdag fekk politiet melding om husbråk på ei privatadresse i Hemsedal. Ei dame i 30-åra vart sett i drukkenskapsarrest.

Natt til sundag måtte politiet sende ein patrulje til ein utestad i Hemsedal, etter at ein gjest hadde slått til dørvakta.