Forsvararen
Ein valdris som forsvarar hallingane. Det høyrer til sjeldenheitene.
Men dei finst. Berre sjå nøye på denne mannen, han på toppen av sida. Ein godsleg valdris. Roleg, beherska, ja det er nesten noko bestefaraktig over han. Og så gjer han noko så uvanleg som å forsvare hallingane. Fleire hallingar har alt vorte forsvarte – og fleire blir det anten dei vil eller ikkje.
– Det er kanskje ikkje så ofte at ein valdris forsvarar hallingane, humrar han, og blar tilbake i minneboka.
Artikkelen held fram under annonsen.
For Sigurd Bang er gammal nok til å hugse at ukvemsorda sat laust og steinen kunne hagle etter bilane då dei hadde vore på fotballkamp i Hallingdal. Diplomatisk som han er, legg han til at det sikkert skjedde noko då hallingane var i Valdres også.
– Men å forsvare dei ...?
– Du, det er veldig all right å forsvare hallingane.
– Utan skepsis?
– Eg har ikkje den kjensla. Det er ikkje nokon strid mellom valdrisane og hallingane lenger. Dei siste kampane stod vel kanskje om flyplassen på 80-talet og stamvegen. Men det var ikkje ein strid med hallingar som hallingar. Begge dalføra ønskte ein betre infrastruktur. Enkelt og greitt.
Han forsvarar ikkje hallingen kvar som helst. Han gjer det i svart kappe i Hallingdal tingrett. Der er han rett som det er og legg inn eit godt ord for ein halling som ikkje har oppført seg slik det blir forventa av han. Sigurd Bang med kontor nokre meter frå nordre sving på den gamle skøytebanen på Fagernes – der den nederlandske verdsmeisteren Henk van der Grift la grunnlaget for mange triumfar for ein mannsalder sidan – er ein av to faste forsvarar i Hallingdal tingrett. Det er godslege Bang ein tiltalt får stifte kjennskap med aller først, viss han ikkje har funne seg ein annan advokat i mellomtida.
– Eg vart fast forsvarer i fjor vår og vil halde fram i engasjementsperioden som varer i fire år til, sjølv om eg nok tek til å trappe ned. Så hallingane blir ikkje kvitt meg.
– Korleis er det å forsvare dei?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er ein grei jobb. Det er det same om eg forsvarar nokon her i Valdres eller i Hallingdal.
– Er hallingane veldig kriminelle?
– Nei, og eg ser ingen forskjell på dei og valdrisane.
Ein tiltalt har rett på ein forsvarar på statens rekning. For den enkelte er det alvorleg å møte på tiltalebenken. Han kan lyge så mykje han vil utan å måtte stå til rette for det, slik eit vitne risikerer å gjere dersom han eller ho lyg for retten.
– Dei fleste fortel det same til meg som dei gjer i retten. Eg kan sjølvsagt gjere meg mine eigne tankar om kor sannferdig tiltalte er, men det kan ikkje påverke meg. Eg skal leggje hans forklaring til grunn. Eg gir råd, og det er ikkje sjeldan at eg foreslår ein tilståingsdom dersom det ligg til rette for det.
– Har du forsvart nokon som har bløffa?
– Det har eg nok. Men hugs på at det ikkje er tiltalte som skal forsvare si uskuld.
Sigurd Bang er ektefødd valdris, oppvaksen midt i gata i Fagernes. I studietida jobba han i Rikstrygdeverket, men han ville heim til Valdres. Etter å ha jobba i trygdeetaten i Valdres, vore juridisk konsulent i Nord-Aurdal kommune og dommarfullmektig i Valdres, begynte han på eit advokatkontor i Fagernes i 1982. Og her er han framleis, som den einaste attverande frå den tida. No er dei tre advokatar. Sjølv sørgde han for rekrutteringa, dottera har kome inn. Etterveksten er sikra.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Dei siste fem-seks åra har eg hatt mange straffesaker i Hallingdal. Fordi eg har prosedert mykje i Hallingdal tingrett, søkte eg jobben som fast forsvarar.
– ... og får alle møkkajobbane?
– Fordi regelen er slik at fast forsvarar får oppdraget dersom tiltalte ikkje har ein annan advokat, får dei faste forsvararane dei fleste oppdraga. Det er ikkje mange av det spektakulære slaget. Det dreier seg mykje om knuffing på lokalet og vald på utestader.
– Du er vel nærmast dømt til å tape, er ikkje det deprimerande?
– Viss det blir for mange frifinningar betyr det at sakene ikkje skulle ha vore reist. Politiet skal meine at det er bevismessig grunnlag for domfelling for å reise ei sak. Men det er sjølvsagt hyggeleg å få ei frifinning.
Nyleg fekk han frifunne ein halling som var tiltalt for valdtekt. Og då heiste han vel flagget ...?
– Eg tenkjer ikkje slik. For meg er det viktigaste å gjere ein så bra jobb som mogleg.
– Går det inn på deg når du tapar ei sak?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det må i tilfelle vere fordi eg har gjort ein for dårleg jobb. Det ville vore ille.
Utuktssakene er ei utfordring. Han legg armane i kors og lener seg tilbake i stolen mens han fortel at den største utfordringa for han som forsvarar ligg der det kan reisast tvil om bevisa. Det er dei sakene som engasjerer mest. Viss skuldspørsmålet er avklara, er den største utfordringa borte.
– Men for den som møter i retten som tiltalt er saka alltid stor. Sjølv føler eg ein nærleik til dei eg skal forsvare. Det er viktig å forstå kor alvorleg det er for den tiltalte. Det er mange triste lagnader og uheldige episodar. Det kallar på sympati meir enn fordømming.
– Spelar du ei rolle i retten?
– Eg ville ikkje valt det uttrykket. Men det er ein jobb, og min jobb er å få eit best mogleg resultat for tiltalte. Skal ein ha denne jobben må ein leggje frå seg alle fordommar, det er klienten ein skal tenkje på. Elles kan ein ikkje ha ein slik jobb.
– Trur du på det du seier i retten?
– Ja, som utgangspunkt. Men det er vel også menneskeleg å pynte på sitt eige elende.
– Har du sagt nei til saker?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Ja, det har vore saker der klienten ikkje vil høyre på råd, og på eit forholdsvis tidleg stadium. I hovudsak har det vore i sivile saker.
Sigurd Bang er ingen krigar i retten. Han ser heller ikkje på straffesakene i retten som ein boksekamp med påtalemakta.
– Eg er ikkje typen som går i munnhoggeri med nokon. Men eg seier ifrå, det gjer eg.
– Men du gjer ikkje som dei såkalla kjendisadvokatane ...?
- Eg har ikkje sans for show for showets eigen skuld. Dei fleste av desse er dyktige, og sakene dei fører får ein annan plass i pressa. Fullt fortent.
– Du er ikkje misunneleg?
– Nei.
– Kva er det verste du kan oppleve i retten?
Artikkelen held fram under annonsen.
– At ein uskuldig blir dømt.
– Har du opplevd det?
– Eg har vel det, for fleire år sidan. Det er opprørande sjølvsagt, men ein rett er ikkje ufeilbarleg. Det er betre at ti skuldige går fri enn at en uskuldig blir dømt. Men eg går ikkje og tenkjer på det. Eg antek at dei fleste avgjerder er riktige.
Sigurd Bang pratar utan fakter. Utan store ord og utan å overraske på nokon måte. Han ser berre ut til å vere seg sjølv.
Han satsar på dei gode argumenta i retten, og skal verken underhalde eller showe. Han er ikkje typen som terroriserer vitna. Han ser ingen grunn til det.
– Ein må oppføre seg som folk. Men veit eg at eit vitne lyg, kan eg trykke på det. Om han oppfattar det som ubehageleg, skal det vere ubehageleg. Det gjeld å finne sanninga. Ein kan ikkje gå på akkord med det.
– Men er ikkje ein advokat betalt for å meine?
– Eg forstår kva du seier. Men ein må skilje mellom strafferett og sivil rett. I ei sivil tvistesak skal ein advokat framføre oppfatninga til klienten sin. Me lever rett nok av pengar, men det er likevel grenser for kva ein kan brukast til.
– Kva slags type er du eigentleg, Bang?
– Det vil det berre vere dumt å meine noko om.
Kort og kontant. Med armane i kors.
– Eg er ikkje spennande, humrar han.
– Det svingar ikkje rundt meg.
Fem kjappe
Sist lesne bok?
- «Løvenes kamp».
Favorittprogram på TV?
- Nyheiter.
I CD-spelaren?
- Klassisk, jazz og folkemusikk.
Favorittmat?
- Rakfisk pluss øl og akevitt.
Perle i Hallingdal?
- Området langs Strandafjorden i Ål.