Janne Brøndbo, leiar hovudutval for livsløp, (Ap).
Janne Brøndbo, leiar hovudutval for livsløp, (Ap).

Fleire lovpålagde tenester innan 2020

Norske kommunar kan vente seg fleire lovpålagde tenester på helseområdet innan 2020. Det gjeld blant anna ergoterapi og tannhelse.

Dette har ein notert seg i Hemsedal der nytt helsesenter står på sakskartet. Bakgrunnen er det som har blitt sagt å vere akutte behov for utbetringar. Då kommunestyret fekk saka 28. juni, sa Janne Brøndbo, leiar i hovudutval for livsløp (AP) det slik:

– Det hastar med ein heilskapleg plan, og me bør sjå på det i samanheng med ny sentralskule, men heilt krise er det ikkje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Odd Holde (H) var klar på at ein bør ha ei tidsramme, med mandat for ombygging i 2017.

– Og uavhengig av skule.

Det vil bli nye rundar både på skule og helse etter sommaren før noko blir avgjort.