Krøderen.
Krøderen.

Flå er med i vassprosjekt

Flå kommunestyre går inn for at prosjektet Vassområde Hallingdal held fram med same organisering som no.

Kommunestyret støttat forslaget om at prosjektleiarstillinga blir forlenga i tre år. Prosjektleiaren er felles for Hallingdal og Valdres, dei to regionane dekkjer 50 prosent kvar. Kostnaden for Flå kommune er godt og vel 22.400 kroner årleg.

– Vatn er eit eige fagfelt. Dette er ei rimeleg løysing å vere med i, sa ordførar Tor Egil Buøen.