Flå deler ut etableringslån
Flå kommune har vedteke å ta opp eit startlån i Husbanken på ein million kroner. Dette er pengar som skal lånast ut til folk som blant anna har problem med å etablere sin eigen bustad og til økonomisk vanskelegstilte husstandar. Det er sett ei øvre grense på 400.000 pr. lånesøkjar. I fjor vart det lånt ut godt og vel ein halv million i Flå.
– Låna blir tilbakebetalt. Tapa har vore minimale, sa ordførar Tor Egil Buøen i kommunestyret.