Fjerna frå leilegheit

Natt til sundag måtte politiet ta seg av ein overstadig rusa person i Hemsedal.

Mannen var ønskt fjerna frå ei leilegheit. Like over midnatt kom politiet på døra og tok seg av vedkommande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Seinare same natt vart ein Kongsberg-mann (38) meld for urinering på offentleg stad. Mannen vil bli bøtelagd for dette, melder politiet.