Fjellnettverk skal få seg kontor
Regionrådet for Hallingdal er med i Fjellnettverket, tidlegare Fjellregionsamarbeidet.
Når dette no skal etablere seg med kontor har Buskerud fylkeskommune søkt, med Geilo som mogeleg etableringsstad.
Regionrådet for Fjellregionen (Åtte kommunar i Røros-traktene) og Hedmark fylkeskommune samt Oppland fylkeskommune har også søkt. Buskerud fylkeskommune er den einaste fylkeskommunen av dei tre som ikkje alt er medlem av Fjellnettverket.