Det er mogeleg å få tilgjeving, også utanfor Hemsedal kyrkje.
Det er mogeleg å få tilgjeving, også utanfor Hemsedal kyrkje.

Fekk tilgjeving for økonomiske synder

Hemsedal kyrkje fekk tilgjeving for sine økonomiske synder tysdag kveld.

Ein rekneskaps-glipp har ført til underskot på 274.000 kroner for 2015. Hemsedal kyrkjelege fellesråd har søkt kommunen om å få det dekka, ettersom alternativet er å kutte i drifta i fleire år framover. Eit par folkevalde gav uttrykk for tvil, fordi det er mykje pengar.

– I denne saka meiner eg me må gi tilgjeving, sa Odd Holde (H) som med dei orda feia det meste av tvilen bort. Berre Venstre stemte mot.