Fekk skrens på bilen
Tysdag i 15.30-tida fekk politiet melding om ei trafikkulykke på Rotneim. Ei dame i 60-åra fekk skrens på bilen og køyrde av vegen. Det var ingen andre køyretøy involvert i ulykka. Kvinna vart teken med til legevakta på Ål for sjekk. Operasjonssentralen i Nordre Buskerud politidistrikt opplyser at det var lettare personskadar.