Fatalt ordtap om flyplass i Dagali
Når Hol kommunestyre torsdag vedtek områderegulering for Dagali flyplass, blokkerer det ikkje for ei mogeleg tilbakeføring til «stor» rullebane att på eit seinare tidspunkt.
Det stemmer dermed ikkje slik me skreiv tysdag, at kommunestyret med denne områdereguleringa seier endeleg farvel til «stor» flyplass. Artikkelen var tufta på sakspapira til kommunestyret. Der står det svart på kvitt som rådmannens kommentar at «planen hindrer en fremtidig utvidelse til «stor» rullebane igjen.» Arealplanleggjar Trond Bølstad i Hol kommune kan berre seie seg lei for at det har falle ut eit «ikke» som snur meininga heilt på hovudet. Det rette skal vere: «Planen hindrer ikke en fremtidig utvidelse til «stor» rullebane igjen.»