Anne-Kristin Solberg (H).
Anne-Kristin Solberg (H).

Får endre tomter i Geilohovda

Utbyggjarar i Geilohovda får endre eigedomsgrensene for tomtene i strid med byggjeplanen.

Med seks mot ei røyst (1 V) har Utval for plan og utvikling (UPU) i Hol gitt dispensasjon frå byggeplan for området H/T7 i Geilohovda til å endre eigedomsgrensene for tomtene innanfor dette området.

UPU legg vekt på at dei nye eigedomsgrensene ligg innanfor regulert byggeområde. UPU godkjenner grenseendring av gnr. 64/733 og 734 i samsvar med kart datert 06.07.12.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vedtaket er identisk med rådmannens eine alternativ til vedtak. Han hadde likevel som tilråding gått inn for å avslå søknaden om dispensasjon. Det var Anne-Kristin Solberg (H) som sette fram forslaget som fekk fleirtal i UPU.