Får byggje nytt på Rabbestøl
Utval for plan og utvikling (UPU) i Hol har med seks mot ei røyst (1 V) godkjent at Herman A. Rabbestøl får omdisponere grunn til kårbustad på Rabbestøl, gnr. 43/19.
Utvalet har lagt vekt på: 1) Det er to gamle hus på driftseininga. Det må vere grunnlag for eigaren å setje opp nytt, moderne hus frå grunnen utan å måtte rive det gamle. 2) Søkjaren og tidlegare eigarar har oppfylt buplikta ved å bu på garden eller på tomt som er frådelt garden. Dei har hatt konsesjonsforholdet sitt i orden.
Det er eit vilkår at det nye huset ikkje blir frådelt seinare.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vedtaket er i tråd med innstillinga frå rådmannen. Men han hadde også lagt fram saka med eit alternativ 2 om å avslå søknaden. Det var dette forslaget mindretalet i utvalet, Sigbjørn Gurigard (V), gjekk inn for. Der blir det vist til at det alt er to bustadhus på denne driftseininga, og driftsomfanget er for lite til at det er behov for fleire. Innmarka blir leigd bort. Når bustadhuset på Nygard vart selt frå garden i 2011, var eitt av momenta at det er for kostbart å ha tre bustadhus på driftseininga.