Ein skjenkestad for kvar 100. innbyggjar
Hemsedal ligg godt over landsgjennomsnittet når det gjeld skjenkestader.
Per 1. januar i år har bygda 24 skjenkestader og fem utsal for alkohol. Det bur for tida kring 2300 innbyggjarar i Hemsedal.
I 2014 gjennomførte Securitas 96 kontrollar, med berre to avvik som resultat. Både vaktselskapet og lokalt politi har gitt positive tilbakemeldingar på godt vakthald.