Eit bilete frå utstillinga i leiren syner jødar som nyleg har komme med tog. Allereie på perrongen føregjekk sorteringa av kven som skulle gassast og kven som skulle setjast i arbeid.
Eit bilete frå utstillinga i leiren syner jødar som nyleg har komme med tog. Allereie på perrongen føregjekk sorteringa av kven som skulle gassast og kven som skulle setjast i arbeid.

Du er også eit vitne!

Kjenner du til historia om fangeskipet «Donau» og skipsklokka som var om bord? Vil ei slik symboltung skipsklokke kunne vekkja oss til kamp for menneskeverd og flyktningar?

Me må attende til krigens dagar, til 26. november 1942. Norske politimenn, representantar for Germanske SS Norge og mannskap frå Hirden hadde arrestert 532 jødar som dei tvang om bord på fangeskipet «Donau». Skipsklokka slo, og frakteskipet forlot så utstikkar 1 ved Amerikalinjens kai i Oslo med kurs mot Stettin. Berre ni menn frå denne transporten overlevde 2. verdskrig. Skipet gjekk heile krigstida i rute mellom Stettin og Oslo og frakta soldatar og forsyningar, russiske fangar og norske offiserar og studentar.

«Donau» er hogd opp, men skipsklokka er verna. I fleire tiår var ho utstilt på Heimefrontmuseet på Akershus festning, men kom 9. april 2014 «heim» til Holocaustsenteret på Bygdøy. Til stades då, med sterke vitnemål, var Samuel Steinmann, overlevande frå «Donaus» jødetransport i 1942. Steinmann vart kjent for eit stort publikum gjennom NRK-dokumentaren «Trikken til Auschwitz».

Artikkelen held fram under annonsen.

Deportasjonane av dei norske jødane gjekk inn i eit større utryddingsprosjekt, der nazistane ville reinska ut jødane i heile Europa. Skipsklokka frå «Donau» symboliserer forsøket på å utrydda jødane i Noreg.

Dei viktige tidsvitna

Kva gjer me når dei siste tidsvitna er borte, når dei som opplevde 2. verdskrigen, som hamna i nazistanes fangeleirar, som overlevde Holocaust, er døde og ikkje kan fortelja?

Eg fryktar at gløymsel vil kunne rydde grunnen for nye katastrofar.

Professor Jakob Lothe har skrive viktige bøker om dette temaet: «Tidsvitner. Fortellinger fra Auschwitz og Sachsenhausen» (i samarbeid med Anette Storeide) og «Kvinnelige tidsvitner. Fortellinger fra Holocaust». Det er sterke historier Lothe har samla. Mange av dei han snakka med, var gamle, og er no borte.

– Forteljingane minner oss om at kampen mot nazismen og Nazi-Tyskland var ein ideologisk kamp, ein verdikamp som måtte vinnast for at Noreg skulle kunne utvikla seg som demokrati, skriv Lothe mellom anna.

Det var rasekrigen som var ein av dei sterkaste drivkreftene bak Holocaust – det gjeld både bakgrunnen for katastrofen og gjennomføringa av det industrielle massemordet på seks millionar jødar.

Bestialske historier

På eit historie-seminar på Holocaustsenteret nyleg fortalde Lothe lågmælt om dei viktige bokprosjekta sine. Han refererte mellom anna frå Judith Meisels sterke historie frå konsentrasjonsleiren Stutthof, som eg tek med her. Sitatet er frå eine boka hans:

«Ein episode i Stutthof gjorde sterkt inntrykk på meg. Rett framfor meg var det ei ung kvinne. Seinare fann eg ut at ho heitte Chavah. Ho hadde på seg ein kjole som ho måtte ta av seg. Då datt det ut ein baby, eit nyfødd barn. Gestapo-mannen tok opp barnet, slengte det i asfalten, og drap det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Chavah kom i vår gruppe. Me budde i ei trebrakke – tre, fire eller fem i kvar etasjeseng – eg låg i ei treetasjes. Chavah låg ved sida av meg. Ho ville ikkje opna knyttneven. Eg sa til henne at det er greitt, samstundes som alle spurde: «Kva har du i knyttneven?» Det var ein liten babysko. Nazistane fann ut dette, og ville ta skoen frå henne. Då ho nekta, skaut dei henne» (mi omsetjing).

Slike bestialske historier gjer at ideala frå den antinazistiske kampen har halde seg levande – og at me ikkje kan gløyma.

Skipsklokka frå «Donau»

Forfattaren Elie Wiesel, som fekk Nobels fredspris i 1986, har gjort det til si livsoppgåve å vitna om nazistanes folkemord under 2. verdskrig. Han vil bevisstgjera oss alle:

«Å lytta til eit vitne er sjølv å bli eit vitne,» seier han klokt.

Nye generasjonar må læra av historia, for å unngå dei store feilgrepa og samstundes meisla ut ei betre framtid.

Me treng Elie Wiesels perspektiv når millionar av menneske også i dag er på flukt. Frå krig og fattigdom og terror. Hit til Europa kjem flyktningane, også til Noreg. Menn og kvinner og born bankar på vår velfødde dør. Kva historie ber dei med seg? Er me viljuge til å lytta og hjelpa?

Den vesle skipsklokka frå «Donau» inngår i den store Holocaust-historia. Men la denne klokkelyden også minna oss på dagens situasjon: Ansvaret me har for medmenneske på flukt.

La lyden frå skipsklokka frå «Donau» klinga for oss alle: hallingar og oslofolk og bergensarar, for skuleelevar og arbeidsfolk og politikarar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Som ein skriv på Facebook: La lyden av skipsklokka frå «Donau» halda oss vakne og urolege. La lyden av skipsklokka frå «Donau» minna oss på vår plikt til å verna alle som treng det.