Debatt: Hovet næringssenter
I 2014 vart skulane i Hovet og Hol slått saman, og skulen vart lokalisert til Holet. Det var då ikkje bruk for skulebygningane i Hovet lenger.
Etter at ei ressursgruppe hadde arbeid med nyetableringar i dei ledige lokala, vart det vidare arbeidet overlate grendeutvalet, med Liv Juchelka som leiar. Den første bedrifta flytta inn i dei ledige lokala i 2016. I dag har 7 personar sitt fulltidsarbeid i senteret. Det er følgjande bedrifter:
Artikkelen held fram under annonsen.
* Leif Aulie (Firma Leif & Logi) Møbelsnekkerverksted med moderne design. Tre personar arbeider her.
* Irene Grøgård (Firma Grøgård Villfell) Produksjon av rullgardiner i furu. Sel også saueskinprodukter.
* Gunnveig Nerol. Biletkunstnar.
* Kari Drønen (Firma AvK) Saum av luer, kjolar, skjørt og bukser.
* Guro Espegard. Bunadsaum.
Kommunen er huseigar. Seksjonane er frådelt. Leigetakarane betalar husleige som går til fråtrekk den dagen dei ynskjer å kjøpe sin seksjon. Dette er ei fin ordning.
Det er dessverre slik at år om anna blir skular og butikkar nedlagde i distrikta, også i Hallingdal. At ledige lokale blir tatt i bruk for nye verksemder, er gode teikn. Det vitnar om verdifull interesse og pågangsmot i distrikta. Hovet næringssenter er eit slikt eksempel. Dette er blitt eit kultur- og aktivitetssenter og eit næringssenter.