Fjellrupa var også viktig for snurufangst, då ho ofte beiter nedi skoggrensa om vinteren.
Fjellrupa var også viktig for snurufangst, då ho ofte beiter nedi skoggrensa om vinteren.

Då snurufangst var ei næring

I eldre tid åt ikkje holingane ruper, harar eller storfugl sjølve, dei rekna det ikkje for skikkeleg mat.

Ein gammal mann i Skurdalen vart av ein Oslo-professor, som budde der oppe, beden til middag på storfugl. «Nei, eg har alder ete uåt,» svara han, «men han Ola et det nok, han føre i seg alt som er.»

Dette synet har endra seg. Når fornem restaurant på Geilo tek imot kongebesøk, står gjerne ruper og vilt på menyen. Og det er ikkje billigmat akkurat! For ei rupe blir no betalt om lag hundre gonger meir enn for 90 år sia.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein del tå kvardagen

I dei øvste bygdene, i liene opp mot tregrensa, dreiv mange med snurufangst. I denne artikkelen er Sudndalen, Strønde, Holsåsen og Fjellberg teke fram som døme på det.

Snurufangst var noko som høyrde til. Ungane voks opp med det. Guri Berg i Sudndalen (80), kunne fortelja: «Eg kan hugse at heime sat morbror og laga snuru. Og me ungane gjorde med det. Til harasnuru var det tjukkare tråd, og dei var større enn rupesnurudn. Ja, me laga tessmeir risgardar og sette upp snuru. Og so var det so mykje rupu her – om morgonane då me kommo upp høyrde me rupeskvalderet burti li’n. Snuru sette dei upp her i nærheiten alle stan.»

Det var fleire i Sudndalen eg gjerne skulle ha svalla ved, og banka på hjå Ragnvald Halvorgard (då 87). Og eg trefte den rette då! Det vart ein time eg kjem til å hugse! Her var det ikkje teori og boklærdom om koss fjellfolk hadde levd av og nær naturen. Nei, her sat eg framfor ein som sjølv hadde opplevd det, som visste kva dette var i praksis. Og så har han hatt god opplæring. Far hans, Ola Halvorgard 1871-1939) var reinsgjætar og ein ekte fjellmann, lett på foten, ei kjempe av dei sjeldne. Han hadde sin oppvekst i Raggsteindalen – i den merkelege høgfjellsgrenda Strønde, l000 m.o.h., som voks fram på 1700 og 1800-talet. Heime der laga dei ulltråd til å sy med, og dei vov. Dei barka skinn og laga læret sjølve og skoa. Ola laga konfirmansjonsskoa sine sjølv (på vegen til kyrkja masjonsdagen datt helen på den eine skoen av i Tøsteinhølbakka). Ola vart den einaste av familien som ikkje reiste til Amerika. Far til Ola var 73 år då han tok ut på den lange reisa. Han var så flink til å skrive og han skreiv mange brev heim til far, om den lange reisa og koss det var å begynne på bar bakke på prærien i Dakota, fortel Ragnvald. Dei måtte greie seg med små jordhytter til å begynne med. «Og når eg ser utover prærien her», skreiv han, «so minne desse jordhyttene meg om møkjahaugane i Raggsteindale».

Den gode forteljaren og veidemannen Ragnvald Halvorgard (87 år gamal).
Den gode forteljaren og veidemannen Ragnvald Halvorgard (87 år gamal).
?Rupesnuru sett ?opp i risgard. ?
?Rupesnuru sett ?opp i risgard. ?

Far til Ragnvald kjøpte Halvorgard i Sudndalen, vart gift med Borghild Gudbrandsgard ( 1887 – 1924 ) Dei hadde elleve barn.

Som ei næring

Samtalen vår dreia inn på veiding, og eg spør Ragnvald om far hans har fortalt noko om det. – Åja, rupesnuru sette dei kor dei ville, fortalde far, det var ikkje grenser for mitt og ditt såleis før. Og for ein rikdom av ruper! Alle hadde lov til å veide. Snurufangst vart som ei næring. I Raggsteindalen kom alle slags folk frå bygden og sette opp snuru side om side med grunneigarane. Ofte fekk dei hus der, låg over til neste dag.

Her ikring, i Sudndalen og i Hovet, avtalte dei at dei hadde rett til å veide, kanskje mot ei lita leige. Grensene var det ingen som tok så nøye. Men dei måtte ikkje vera for hard ved skogen, ikkje ta toppen tå bjerko, men kvisten kunne dei ta. Heldt dei ikkje ei slik avtale, fekk dei ikkje koma att.

5 til 10 rupu kor vende

Ragnvald begynte sjølv med veiding.

- Me ungane sette opp snuru etter isen her i Sudndalen. Me fekk ein 5 til 10 rupu kor vende. Han far lærde meg koss eg skulle gjera det; setje snuru slik at dei knekte nakken med eingong. Vart snuru sett for høgt eller for lågt, kunne dei få vengene inn i snuru, og då vart det ei fæl pine. Slik skulle det ikkje vera. Like eins var det med harasnuru.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heime på Halvorgard var eit kjørr uti garde. Kor morgon sat det eit kull med ruper der. Men dessa skulle me ikkje ta, dei skulle få vera der.

Summetid flytte rupene. Det kunne vera når det var ising på bjørken, slik at det vart for lite beiting. Men når mildvêret kom, då kom ho att. Du skulle sett flokkane som kom – ja det var kolossalt! Då me køyrde fôr – både frå Faugeli og i Øddeli’n – du høyrde denna susen då dei kom og sette seg i bjerkane tett innmed greino. Noko so flott å sjå, veit du.

Rift om hestetaglet

Å drive med veiding førde vel til ymse utlegg og – til snuru og slikt?

- Nei, til å begynne med brukte eg berre taglsnuru, messingtråden var ikkje kome her då. Det gikk i hestetagl. Derfor vart det rift om hestetaglet. Eg veit det var dei som reiste rundt og smaug seg til å klyppe tagl tå hesterovo, når hestane gikk ute på jorde. Allo finast var det viss du fekk tak i lyst tagl, frå hesta med lys rove. Snuru av lyst tagl var ikkje so god å sjå, veit du. Det var meir arbeid å seta upp taglsnuru, men det var likevel mange som ikkje likte når messingtråden kom, dei var skeptiske, for kom dei gale i dei snurune so huttetu for ei pine! Det var mange som brukte taglsnuru etter at messingtråden var kome.

Det var reine kønste å laga taglsnuru, veit du. Lykkjene, ell rennesnaret, måtte vera laga slik at det heldt. Dette lærde eg av far min. So måtte ein ta på seg skinnbroki når ein skulle tvinne snuru. Då brukte me å ha øske på fingrane, so det ikkje vart so glatt. Ikkje noko anna. Det var visst mange tagl etter kor sterk snuru skulle vera. Taglsnuru for hare var om lag so grov som ein bekatråd.

45 øre for rupa

Kva fekk du betalt for ei rupe?

- Til å begynne med fekk eg 45 øre for rupa. Haren var det ei krone for. Eg selde det på butikkane Håkonsæt eller Tufte, seinare kom Hagafoss. Det vart fortalt at på Hagafoss betalte dei 5 øre meir for rupa og 10 øre meir for haren. På den tid var prisen kome opp i 60 øre for rupa. Det gikk på bygden at postmann Johannes Veslegard hadde kjøpt seg spark. Eg fekk lånt meg sparken hans. Stappa så fangsten i to striesekker og sparka ned til Hagafoss. Ja, eg var velkomen, men dei kunne ikkje gi meg peng – eg måtte handle for det. No var det peng eg måtte ha, so eg pakka saman rupene og sparka opp att til Håkonsæt og selde dei der.

Bøndene måtte selje unna

Ja, fjellet var ein rikdom. Og dei var flinke til å skjøtte det. Men so kom det ei tid då bøndene i Sudndalen såg seg nøydde til å selje unna fjelleigedomane sine. Det var millionæren Michelet som kjøpte det meste. Han selde det att til Kristoffer og Fredrik Berg (som starta Hadelands Glasverk). Dei einaste her i bygden som ikkje selde var på Halvorgard og Veslegard. So kom det jaktpoliti og fiskeoppsyn her. Grunneigarane hadde vorte husmenner. Det var jammen godt at me fekk ei jordlov som gav høve til å ta tilbake fjelleigedomane. Men då dei skulle ta att desse eigedomane, voro dei so redde for desse Bergane – dei som hadde hatt peng og kunne gjera med folk her som dei vilde.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jakt med våpen

Desse nye eigarane jakta med børse. Det var når folk begynte med våpen at viltet virkeleg vart skremd. Snurufangst og jakt med børse høyre ikkje i hop, held Ragnvald fram.

Det var voldsomt dei jakta desse Bergane. Han Kristoffer hadde to hundar, den eine i band, som dermed fekk kvile seg til den andre hunden måtte ha avløysing. Halvor Haugen var rupegut hjå Kristoffer Berg i mange år. Det var seige dagar, har han fortalt – starta om morgonen med tung bør, ekstra klede til jaktarane, hundemat og slikt. Og så alle rupene, få dei i ryggsekken. Berg gjekk ikkje heim om dagen før han hadde skote 100 ruper. –

Gikk nøye for seg

Under samtalen måtte eg smette inn eit spørsmål til Ragnvald:

Har du jakta med gevær?

- Jadå. Då me fekk lov til å gå med børse, det gikk nøye for seg! Far talte skota, og kommo me heim att å ha skote og ikkje hadde noko vilt, då vorto me straffa. Me fekk kje lov til å bruke børsa på ei tid då. Det skal ikkje vera nokon skamskyting. Og detta med å skyte i flukt, det er berre noko tull, sa far. Skyt på bakka, då veit du at du fær det. Skaut dei ruper, var det om vinteren mens dei sat i store flakar i trea eller på snøen – aldri i lufta, seier Ragnvald.

- Folk her syntest det var eit bisn då sportsjegerane frå byen kom og skaut rupa på floget! kan vi lesa om i Folk og Fortid i Hol. Slikt hadde dei alder sett! No vart rupa jaga vilt.

7000 fanga i snuru

Mykje av rupefangsten vart levert på butikkane, og som så sende det vidare til byen. I det gode rupeåret 1911 kom det til Hol Spareforening (Handelslaget ) 7000 ruper som var fanga i snuru. Rett nok fekk Spareforeninga største parten ifrå Sudndalen, der dei dreiv det mest. Mange levde av snurufangst. Det er hevda at det kom ei 10 – 12.000 ruper til butikkane i bygda det året, fanga i snuru. Til det kom så det sportsskyttarane skaut med hund om hausten, - og dei sopte ned. Kunnige folk meinte at det vart drepe minst 20.000 ruper i Hol det året. Til samanlikning vart det i heile Buskerud i året 1998/99 teke i alt 10.200 ruper, endå dette var det beste småviltåret her i landet på lenge.

Lyst og glede

Det følgjer lyst og glede med jaktlivet, det er ikkje tvang, kan jegerane fortelje. Og slik har det vel jamt vore. Veiding er det smått stell med no. Det går i småviltjakt. Men å drive småviltjakt no er ikkje lenger så mykje for å skaffe mat og inntekt. Likevel er det mange som har denne interessa. Av dei 177 600 jegerane som i 1998/99 betalte jegeravgift, var heile 96 000 på småviltjakt. Men det er eit yrke som er svært mannsdominert! Her i landet er det tjue gonger fleire mannlege jegerar enn kvinnelege! – Høyrer du det, du, likestillingsombod?

Artikkelen held fram under annonsen.

Rupa skulle ha helgefred

Det som Ragnvald Halvorgard, Guri Berg her har fortalt, stadfestar at i eldre tid var snurufangst mykje vanleg her i bygdene. Det var ei næringsgrein som kom godt med. Men det var ikkje berre om å gjere å karre til seg. For noko lang tid tilbake rådde litt andre normer på dette området. Såleis sette dei rupesnurene ut or stilling frå laurdag til måndag. Like eins i julehøgtida. Rupa skulle ha helgefred. Men dette er lenge sia. No kan rupa ikkje føle seg trygg, endå om det er sundag.