Bråten norgesmeister
Øystein Bråten vart norgesmeister i slopestyle under NM i freeski på Geilo laurdag.
Torpingen har ei lang liste merittar og medaljar å vise til. Likevel har han aldri – fram til no – teke NM-gull som senior. Etter kvalifiserings- og finalerun vart han laurdag ettermiddag kåra til norgesmeister i slopestyle i Havsdalen på Geilo.
- Det kjennest bra. Og det har vore ein artig dag. Det var heilt rått når sola endeleg kom fram, og sørga for mjukt og fint føre. Det gjorde mogleg å dra til for å få til dei verkeleg kule triksa, seier Bråten.
Artikkelen held fram under annonsen.
På heimebane
Det vart tidleg klart at kampen om gullet stod mellom Bråten og Mikkel Brusletto Kaupang - som verkeleg gav OL-vinnaren noko å bryne seg på.
- Det vart ein liten kamp der, ja. Mikkel er heilt rå. Eg er ikkje sikker på kor lenge eg greier å halde han unna, smilar norgesmeisteren.
Brusletto Kaupang enda på ein svært solid andreplass, framfor Christian Nummedal (Hakadal IL) på tredjeplass.
I dameklassa gjorde Johanne Killi (Dombås IL) reint bord og vart norgesmeister. Sandra Eie (Bærums Skiklub) tok andreplassen framfor Elvira Marie Ros (Lillehammer Skiklub).
Opsahl best i juniorklassa
Marte Opsahl (Geilo IL) var einaste lokale utøvar på pallen i juniorklassane. Ho hadde leiinga etter kvalifiseringa, men måtte ta til takke med sølv etter gjennomført finalerun i jenteklassa. Helle Haugland Fossengen (Voss Freestyleklubb) vart norgesmeister, medan Martine Alexandra Tamburstuen (Heming IL) tok bronse.
I juniorklassa for gutar var Sondre Eide Sataøen (Geilo IL) einaste lokale utøvar på startlista. Etter gjennomført finale enda han på 11.-plass. Nicolai Leegaard Kjellsby (Bærums Skiklub) tok fyrsteplassen, framfor Emil Zaic Koch (Bærums Skiklub) på andre- og Iver Berg Johansen (Hakadal IL) på tredjeplass.