Arrangøren skaut innertiar
Adam Douglas, Ida Jenshus og Kristopher Schau er blant dei som kjem til Sundreball i januar 2018.
Adam Douglas, som i haust har sunge seg inn i manges hjarterom, skal sikre fullt hus på Sundrehall fredagen av festivalprogrammet. Fredag 26. februar står han på scena i Ål.
Stjernekampvinnar
Douglas er i haust blitt landskjend gjennom NRKs Stjernekamp. Laurdag gjekk han heilt til topps og vann songkonkurransen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han platedebuterte i 2015 med albumet «I May Never Learn», men gjennom Stjernekamp viste han at han med soulstemma meistrar dei fleste sjangrar.
– Me vurderte han alt for to år sidan, men då var han mindre kjend. For eit par månader sidan bestemte me oss, seier Sundreball-arrangør Øystein Etterlid.
Adam Douglas har planar om nytt album, og singelen «Your One and Only Man (Again)» er førebels skissert å kome neste sommar. No kan det bli sjanse på ein solid forsmak alt tidleg på vinteren.
Programmet tek form
25.- 28. januar 2018 blir Sundreball arrangert for femte gong. Arrangørane melder at opplegget blir smidd over same lesten som før. Festivalen har i grove trekk funne si form. Etterlid vel å tru festivalen også har kome for å bli.
– Me er ganske rolege på at det skal gå bra i år. Det handlar mest om å utbetre detaljar.
Endeleg program vil først bli gjort kjend til helga, men alt no er desse namna klare:
Tove Bøygard kjem med bandet for å sikre ein mjuk festivalstart torsdag. The Dogs, med Kristopher Schau i spissen, har neppe dei same ambisjonane, men dei kjem også. Det same gjer blues-rockebandet Stiv Kuling, Audun Haukvik, Hans Martin Austestad og Miss Tati, denne gongen med band. 9 Grader Nord vil by på tamilsk feststemning. Plateaktuelle Ida Jenshus kjem også.
Jentene i Black Horses, som debuterte på ei offentleg scene under Sundreball i år, er tilbake på Minisundreball i 2018.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me har også att ein stor headliner, men han sparar me til slutt, seier Etterlid.