– Arbeidsinstituttet ikkje lagt på is
Det bør vere gode sjansar for å få til eit Arbeidsinstitutt også i Hallingdal når neste års budsjett i fylkeskommunen skal til behandling. Hovudutvalet for utdanningssektoren får truleg ei sak på dette i mars.
– Det er brei semje om behovet, men det skorta på pengar i fjor. Dei som er urolege kan føle seg trygge på at politikarane held tak i dette, seier Sissel Urke (V), leiar i hovudutvalet.
Artikkelen held fram under annonsen.
I det siste har både fylkespolitikar Marius Kristiansen (H) og lokalpolitikar Heidi Granli (Ap) gitt uttrykk for uro over at Hallingdal, som einaste region i fylket, står utan eit tilbod til elevar som ikkje finn seg til rette i det ordinære tilbodet til vidaregåande skule. Men Urke er klar på at årsaka til at saka vart lagt til sides i fjor, var mangel på midlar, ikkje vilje. Ho ber folk vera tolmodige fram mot komande års budsjettdebatt.
Fylkestinget trekte i fjor tilbake ein million kroner som var sett av til leige av areal føremålet. Det blir for tida arbeidd med å sjå på leigebehovet på nytt, heiter det i ei anna sak som skal opp i hovudutvalet 31. januar.