Anten eller
Rundt om i landet dukkar temaet kommunestruktur fram oftare.
Mykje entusiasme er det ikkje rundt desse spørsmåla. Men det me ser er at fleire faktisk tek inn over seg dei kolossale endringane det norske samfunnet har vore gjennom i seinare år – og står midt oppe i. Endringane går langt vidare enn forsterka fråflytting i distrikta og med ei ny urbaniseringsbølgje. Det handlar om omvelting og ei nyorientering, kulturelt, sosialt og økonomisk, som er utan sidestykke. Det er på mange måtar eit nytt Norge som tek form. Samtidig har me eit kommunemønster som langt på veg speglar landet slik det var for fleire generasjonar sidan.
Artikkelen held fram under annonsen.
Årsaka til dette er ikkje vanskeleg å sjå: Ein kompakt folkeleg motstand mot samanslåing og større einingar. Politisk sett har kommunestruktur langt frå vore noko vinnarsak, iallfall ikkje så langt.
Men no ser me tydeleg vilje til å ta opp slike spørsmål. Det er ikkje berre næringslivsleiarar, rikspolitikarar og fagfolk i sentrale fagmiljø som ynskjer kritisk søkelys på kommunemønsteret. Ei av dei siste utgåvene av Kommunal Rapport, organ for kommunane sin interesseorganisasjon KS, fortel om initiativet til Nord-Trøndelag fylkeskommune. KS og fylkesmannen har engasjert eit konsulentfirma til å vurdere kommunemønsteret og koma med vurderingar og innspel til endringar. Konsulentrapporten legg til grunn at større einingar er nødvendige for at kommunane skal kunne fylle oppgåvene sine. Eit nytt fylkeskart med sju kommunar med minimum 10.000 innbyggjarar står sentralt i utgreiinga.
Kva har dette å seie Hallingdal? Ikkje så mykje kanskje ved fyrste augekast. Politisk sett er kommunestruktur ei død sak etter forsøka i Hol/Ål og Gol/Hemsedal. I Hallingdal er det regionsamarbeidet som gjeld når kommunane blir for små til å løyse oppgåver på eiga hand. Og rett skal vera rett. Det har gjeve resultat og har fått ord på seg for å vera velfungerande.
Men etter kvart som behovet aukar for samarbeid om funksjonar og tenester, kjem også veikskapane tydelegare fram. Systemet er tungrodd. Dessutan veit ein av erfaring at det som går på oppgåvefordeling, lokalisering eller regionale sentrumsfunksjonar, ofte resulterer i tautrekking og prosessar som er langt frå berre er positive.
Sjølv om regionrådet historisk sett har fungert godt, er samarbeidet slik det er organisert i dag, neppe svaret på utfordringane hallingdalskommunane vil møta. Samhandlingsreformen er eit ferskt døme på kva dei står framfor. Å ta lærdom av dette, kan vera klokt. Då er heller ikkje vegen lang til i det minste å sjå nærare på eit nytt kommunekart over Hallingdal. Alternativet er å oppgradere regionsamarbeidet og gje det reell politisk makt.