Nytt system for sak og arkiv gjer at postlistene ikkje har vore tilgjengelege i alle hallingdalskommunane etter 12. januar.
Nytt system for sak og arkiv gjer at postlistene ikkje har vore tilgjengelege i alle hallingdalskommunane etter 12. januar.

Startvanskar for nytt saks- og arkivsystem

Hallingdalskommunane har teke i bruk nytt system for saksbehandling og arkivering. Det har gitt utfordringar i overgangen.

Både elektroniske skjema, kommunane sine postjournalar og kommunale sakspapir er for tida utilgjengelege for publikum. Det heng saman med at ein frå 12. januar starta med eit nytt saks- og arkiveringssystem i Hallingdal. Systemet skal gjere arbeidet meir straumlinjeforma frå ei sak blir oppretta til ho er ferdigbehandla og skal arkiverast.

I ein periode framover vil kommunane drive opplæring på det nye sak/arkiv-systemet. Det opplyser Halgrim Merødningen, IKT-koordinator i IKT-Hallingdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

I ein overgangsperiode har til dømes ikkje postlistene fungert. Ettersom det framleis kan ta ei tid før den nye publiseringsløysinga er på plass, har fleire kommunar gått i gang med manuell publisering av postlistene på sine nettsider.