Vurderer kortare Bjøbergtunnel
Eit nytt forslag til tunnel under Hemsedalsfjellet på Rv52 kan bli både kortare og billegare.
Det går mot innspurt i kampen om å få status som den andre hovudvegen mellom aust og vest. Forkjemparar for Rv52 får no hjelp frå Statens vegvesen som nyleg har lansert eit forslag til ein kortare og slakare Bjøbergtunnel. Det er avisa Sogn Avis som melder dette.
Ser på fleire innkortingar
I dag er det skissert ei tunnelløysing på ein 20 km lang Bjøbergtunnel. Det er fleire utfordringar med denne. Lange tunnelar er eit problem i seg sjølv, særleg på grunn av branntryggleik. Fleire tunnelbrannar dei siste åra har vist dette.
Artikkelen held fram under annonsen.
Lange tunnelar må difor ha parallelle løp med rømmingsveg. Det er fordyrande.
No har altså vegvesenet kome opp med eit kortare alternativ, på 16–17 km. Dei vurderer også alternativ ned i 13–14 km, men det er ikkje førsteprioritet.
Slik kan ein løyse det
Ved å endre innslagspunkt frå E16 på Lærdal-sida kan ein behalde høgde, noko som vil redusere stigning på ein tunnel over i Rv52. Vegen kan ligge på same høgdenivå med Tuftåstunnelen og gå i dagen, kanskje berre med unntak av nokre små overbygg som sikring mot ras. Samstundes vil dette korte ned Rv52.
Den nye E16 kan bli lagt på sørsida av dalføret gjennom Borlaug, det vil seie på motsett sida av i dag. Den nye planen kan ta utgangspunkt i ei ny rundkøyring ved Eraker utan å tape høgde, skriv avisa. I dag tapar ein høgde ned til Eraker både frå aust og vest.
– Me ser ein stor fordel i eit påhogg på høgdemeter tilsvarande Holesvingane. Då er me nesten nede i 16–17 kilometer tunnel til Bjøberg, ein nesten flat tunnel, seier Kjell Kvåle, senioringeniør i Statens vegvesen til avisa.
Vegmøte neste veke
Den nye planen blir del av vegvesenet sitt forslag når forslag til løysingar skal vere klare innan 1. desember. Det er bestilt fleire tilleggsrapportar både for Rv7 og Rv52. Desse skal vere klare innan 1. september.
Interesseselskapet for Rv 52 (IS 52) skal saman med E39 Stamvegutvalet og Hordalandsdiagonalen/E134-alliansen arrangere vegkonferanse i Førde 25. august.
Nikolai Astrup (H), leiar av transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget er venta. I tillegg kjem sentrale fylkes- og lokalpolitikarar både frå aust og vest. Både Gol og Hemsedal kommunar er med i IS 52.