Vogntog køyrde av vegen
Eit vogntog køyrde av vegen på Rv52 ved Lio i Hemsedal natt til torsdag.
Sjåføren vart frakta til Ringerike sjukehus.
Politiet i Nordre Buskerud fekk meldinga kl 0323. Vogntoget var norskregistrert. Sjåføren har forklart politiet at han vart pressa av vegen, men politiet opplyser at andre vitne avkreftar dette. Vogntoget er kome vestfrå og har kryssa vegen før det hamna i grøfta.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det var til dels store skader på førarhuset.