Vogntog i grøfta på Rv7 - hamna for langt på sida
Ingen kom til skade under utforkøyringa ved Herad i Gol.
Hendinga skjedde rundt klokka 11.30 torsdag.
Sjåføren forklarte til politiet at han møtte eit anna vogntog, og kom for langt ut på kanten. Dermed enda heile hengaren utanfor vegskuldra.
Artikkelen held fram under annonsen.
Trass i at vogntoget stod delvis ut i vegen, gjekk trafikken greitt forbi. Vegen vart stengt ei kort stund mens det gjekk føre seg berging.