Virustelefon er svindelforsøk
«Jimmy» frå Windows ringde kl 0645 for å fjerne datavirus. – Dette er svindelforsøk, seier ein talsperson i Microsoft.
Helga Søland i Hemsedal var knapt vaken då det ringde i telefonen fredag morgon. Ein mann med gebrokken engelsk sa det var viktig å logge seg på internett fordi PC-en var utsett for eit virusåtak.
– Han ville snakke med mannen min og sa «I’m searching for bugs», fortel Søland. Hemsedølen gjorde aldri som han bad om. I staden la ho på og varsla lokalavisa.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ny svindelmåte
– Det er bra. Dette er ein ny måte å svindle nordmenn på, seier Nina Gopinder Pannu. Ho er kommunikasjonsrådgjevar for Microsoft Norge. Fenomenet er dessverre godt kjent for Windows-konsernet. Særleg sidan i fjor sommar har nordmenn blitt oppringd av personar som enten vil ha folk til å oppgi personopplysningar, til å besøke ei web-adresse eller laste ned programvare. Det kan vere såkalla «malware» eller «trojanske hestar» som i realiteten fungerer som eit virus der ein kan miste kontrollen over PC-en.
– Legg på
Før Helga Søland avslutta samtala fekk ho ut av den morgonfriske oppringjaren kva han heitte. Det var «Jimmy» og han jobba i Windows. Ho minte han på at det ikkje høver seg å ringe folk så tidleg.
– I ørska tenkte eg vel at Windows ikkje ville ringd så tidleg og i alle fall identifisert seg på en annan måte. Men det er lett å la seg lure. Eg vil i alle fall ikkje ha Jimmy inn i nettbanken min, seier Søland.
– Du trur ikkje nokon har drive ap med deg?
– Dei som kjenner meg veit det ikkje er lurt når det er så tidleg på dagen, seier Søland.
– Det beste er å legge på. Er du usikker gjer Microsoft eller politiet kjent med forholdet. Me vil aldri ringe folk, seier Gopinder Pannu. Problemet har vore større i utlandet tidlegare. No er også Norge blitt ein «marknad». Sidan i sommar har det vore stille, men no opplever Microsoft at det er blussa opp igjen.