Regionrådet vil ha ein seinare bussavgang frå Oslo på ettermiddagen. (Arkivfoto)
Regionrådet vil ha ein seinare bussavgang frå Oslo på ettermiddagen. (Arkivfoto)

Vil ha seinare bussavgang

Regionrådet for Hallingdal er ikkje fornøgd med kollektivtilbodet frå Oslo til Hallingdal om ettermiddagen.

Siste avgang er klokka 15.40. Regionrådet meiner det må vere ein avgang etter klokka 16.30 om ettermiddagen. Regionrådet meiner også at morgonavgangen frå Hallingdal med buss må gå via Hønefoss og vera i Oslo ved 09-tida.