Vil ha ny runde om sanering av Nordfjella-reinen
Villreinnemnda i Nordfjella ber landbruksminister Jon Georg Dale stadfeste eller avkrefte om det er gjort endeleg vedtak at villreinstamma skal sanerast innan 1. mai neste år.
Den lokale villreinforvaltninga føler seg overkøyrt og haldne utanfor i prosessen rundt saneringa av villreinstamma på over 2.000 dyr i Nordfjella (sone 1).
No ber dei om å få eit ord med i laget og ei hand på rattet.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Vent med avgjerda!
I eit brev til Landbruks- og matdepartementet krev Nordfjella og Fjellheimen villreinnemnd at ein ventar med å ta ei endeleg avgjerd om sanering til jaktresultatet er klart og omfanget av skrantesjuka er klarare.
– Me ber om at endeleg vedtak om fullstendig stammeavvikling inneheld opning for å endre planane dersom ny kunnskap tilseier at avviklinga ikkje vil føre til eit CWD-fritt villreinområde i framtida, skriv villreinnemnda.
Dei to fyrste vekene av jakta er det oppdaga to CWD-smitta dyr av 300 felte. Det er mindre enn mange frykta.
Ugyldige vedtak?
Det er sjølve prosessen rundt saneringsvedtaket villreinnemnda er kritisk til. Dei meiner fastsetjing av fellingskvote og utvida jakttid er dei einaste gyldige vedtaka som er gjort og hevdar saneringsvedtaket er i strid med forskriftene.
– Villreinnemnda kan ikkje sjå at det er fatta vedtak, korkje i direktoratet, Mattilsynet eller departementet, som med tilvising til lovverket bestemmer at villreinstamma skal takast ut i sin heilskap, påpeikar villreinnemnda.
Brevet er skrive under av sekretær Siri Wølneberg Bøthun og leiar Lars Nesse.
Krev svar frå Dale
Det er Mattilsynet villreinnemnda rettar sterkast kritikk til sjølv om det er landbruksministeren som har gjort vedtaket. Bøthun seier til Hallingdølen at villreinnemnda og villreinutvalet har kome med innspel til Mattilsynet og Miljødirektoratet før arbeidet med saneringsplanen starta, men er ignorert.
Artikkelen held fram under annonsen.
Villreinnemnda stiller seg undrande til at landbruksministeren allereie skal ha bestemt at villreinstamma skal sanerast innan 1. mai 2018, slik det er framstilt i media.
No ber dei landbruksminister Dale stadfeste om det er gjort eit formelt saneringsvedtak, eller om det kan bli omgjort når ein ser omfanget av skrantesjuka etter jakta.
– Dersom det er rett at landbruksministeren har fatta eit vedtak nedfelt i eit dokument, ber me om innsyn dette dokumentet, krev villreinnemnda.