Ordførarane i Ål og Hol vil ha eit møte med landbruksministeren for å få ein tettare og betre dialog med kommunane, næringa og styresmaktene om gjennomføringa av tiltaka mot skrantesjuke.
Ordførarane i Ål og Hol vil ha eit møte med landbruksministeren for å få ein tettare og betre dialog med kommunane, næringa og styresmaktene om gjennomføringa av tiltaka mot skrantesjuke.

Vil ha møte om saltegrinder, men ministeren er vanskeleg å be

Sidan starten av august har ordførarane Solveig Vestenfor og Petter Rukke invitert landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) på møte.

Bakgrunnen for det første brevet i starten av august, var saltsteingrindene i Nordfjella.

Sau forvilla seg innanfor grindene og fleire sette seg også fast i barduneringa.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Hjarteleg velkomen

Då kravde ordførarane at landbruksministeren måtte sette i verk tiltak for å løyse problema med saltegrinder.

Samstundes bad dei landbruksministeren på møte med kommunane og beitenæringa i haust. I svarbrevet til ordførarane svara ikkje ministeren på invitasjonen. Derfor sende Rukke og Vestenfor ein ny møteinvitasjon i slutten av september.

– Ministeren er hjarteleg velkomen til Hallingdal. Viss dette er vanskeleg å få til, kan me eventuelt møte opp i Oslo, skreiv dei.

Dei understreka at det vil vere nyttig, lærerikt og ikkje minst førebyggjande for neste sommar å ha eit evalueringsmøte etter all den innsats, erfaringar og lærdom som er opparbeidd i år. Dei meiner også at kontakt med lokale folkevalde og beitenæringa er viktig for det vidare arbeidet i brakkleggingsperioden.

Møte i Oslo

No har landbruksdepartementet svara ordførarane igjen.

Men ministeren vil ikkje kome på møte denne gongen heller. Landbruks- og matdepartementet viser i staden til at Mattilsynet har planar om å arrangere eit møte for leiarar av beitelag og representantar frå kommunane kring Nordfjella i haust. Landbruksministeren vil derfor vente til etter dette møtet, men opplyser om at dei vil invitere til eit nytt møte i samsvar med intensjonsavtala for arbeidet med skrantesjuke (CWD) i Nordfjella.

– Det vil vere naturleg at tiltaka knytt til motverkinga av CWD blir ført opp på saklista til dette møtet, skriv departementet i svaret.