Helling kafé i Hol skal bli bedriftskantine for kommunetilsette. (Arkivfoto)
Helling kafé i Hol skal bli bedriftskantine for kommunetilsette. (Arkivfoto)

Vil ha kantinedrift ved Helling kafé

Felleskjøkkenet for Ål og Hol får så snart som mogeleg etablere kantinedrift i lokala til Helling kafé.

Det tilrår rådmannen i ei innstilling til formannskapet i Hol. Saka kjem opp komande måndag.

Eit slikt vedtak inneber også at Hol kommune seier opp dagens leigekontrakt med Ilona Giese enkeltmannsføretak for kafeteriadrift i tilknyting til kommunehuset.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ønske frå tilsette

Bakgrunnen for saka er at det har kome førespurnad frå arbeidstakarorganisasjonane ved Fagforbundet om å etablere bedriftskantine knytt til Hol kommunehus. Organisasjonane ser dette som eit velferdstiltak, der det kan serverast varmrettar m.m. Det ligg også til rette for å kunne utvide ei eventuell kantinedrift til å omfatte andre verksemder knytt til bankbygget. Totalt er det potensial for kantinedrift for ca. 90 personar kvar dag.

Arbeidsmiljøutvalet (AMU) i kommunen har behandla førespurnaden frå dei tilsette og har stilt seg positiv til at kantinedrift ved Helling kafé blir nærare utgreidd. AMU har bedt om at saka blir sendt formannskapet for vidare behandling.

Treng fleire oppdrag

Det er fleire moment som spelar inn for bruken av lokala. Eitt av dei er at det er for få møterom på kommunehuset. Noverande kantine der har tidlegare vore brukt som møtelokale.

Eit anna moment er at det interkommunale felleskjøkkenet er ein aktør som ønskjer fleire oppdrag. Kjøkkenet gjekk med underskot i 2011. Erfaring frå kantinedrifta i Ål er at denne typen verksemd er lønsam.

Som ein del av driftskonseptet til felleskjøkkenet, skal kantina også vere open for sal av mat og drikkevarer til innbyggjarar i Holet og til tilreisande. I tilrådinga frå rådmannen blir felleskjøkkenet og Ilona Giese oppmoda til å inngå ein samarbeidsavtale om vidare kafeteriadrift i lokala.