Vil ha gågate, men ikkje utan butikkar
Politisk blir det vist til omsynet til «mjuke trafikantar», men få er absolutte på krav om bilfri handlegate.
– Vil de ha gågate eller gjennomkøyring i Myren?
– Gågate, svarar fire niandeklassingar kontant i kor. Svanhild Marie Stave, Marita Hoff Knudsen, Tuva Brattegard og Celina Espegard meiner gågate er mest koseleg. Dei er slik sett samd med fleirtalet av dei 200 i Ål som vart stilt dette spørsmålet for nokre år tilbake. 70 prosent ønska ei bilfri handlegate.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Men dei som driv næring her seier dei treng parkering nær butikkane, for å få kundar. Dei meiner gågata gjer det vanskeleg å drive?
– Då bør ho vere open, seier dei, igjen i kor.
– Det er jo ikkje vits å gå her utan butikkar, legg Brattegard til.
Alle vil ha liv i Myren
Her står ein ved sakas kjerne: Lokale kjøpmenn er pressa frå mange hald, der netthandel, handelslekkasje til andre kommunar, og lokale parkeringstilhøve grip inn i kvarandre. Alle ønskjer eit yrande liv i Myren, vil er gågate rett medisin?
Anne Grete Slettemoen køyrer heilt til døra hos frisøren, men seier ho helst ville hatt gågate.
– Eg vil heller hatt ungar springande her, seier ho. Anna Skarsbø bur så nær at bil ikkje er tema. Også ho trur gågate er best.
– Av omsyn til barnefamiliar.
– Men butikkane ønskjer det ikkje?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Då bør ein lytte til dei, seier ho.
Miljøskapande tiltak
Signe Tryti har funne plass ved eit bord hos Blomsterpikene, og er tydeleg på at det er slike miljøskapande grep ein bør gjere meir av.
– Butikkane ønskjer mest mogeleg parkeringsplassar for å leggje til rette for kundane?
– Eg trur det er motsett, seier ho og får støtte frå venninna Marit Kollsete.
– Eg tenkjer også gågate trekkjer folk til småbutikkar, men det må vere nokon som har uteservering, seier ho.
Manglar uteservering
Om ein ser bort frå den improviserte kaffistova til blomsterpikene er det lite med servering. Ikkje etter at kafeen på kjøpesenteret flytta ut i fjor og fiskebutikken i nabolokalet la ned tidlegare i år. No står begge desse serveringslokala ledige.
Også Petter Pettersen køyrde til døra. Han har reist frå Oslo til Ål for å få seg bunad til nasjonaldagen.
– Eg visste ikkje at det var gågate.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Butikkdrivarane vil ikkje ha det?
– Gågate er bra, men eg forstår også behovet for parkering. Ein er kanskje kome litt i bakevja her, seier han og kona Esther Ny før dei dreg vidare mot vestlandet, han i flunkande ny Nordmøre-bunad, frå Ål.