Hallingdal Renovasjon søker om å forbrenne inntil ti tonn smittefarleg avfall årleg.
Hallingdal Renovasjon søker om å forbrenne inntil ti tonn smittefarleg avfall årleg.

Vil brenne meir smittefarleg avfall

Hallingdal Renovasjon har søkt om å forbrenne meir smittefarleg avfall.

Det interkommunale renovasjonsselskapet ønskjer å auke frå fem til ti tonn årleg.

Søknaden som Fylkesmannen i Oslo og Viken skal behandle, er no ute på høyring. Årsaka er auke i mengda av smittefarleg avfall som blir sendt i forbrenningsomnen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei siste åra har derfor grensa på fem tonn vorte overskriden. Hallingdal Renovasjon meiner ei årleg grense på ti tonn vil vere nok i mange år framover, og viser til at 10 tonn vil vere berre 0,04 prosent av den totale mengda avfall som går til forbrenning kvart år. Totalt vart det motteke 28.111 tonn avfall i Kleivi i 2017. Dagleg leiar i Hallingdal Renovasjon, Leif Ove Sataslåtten, seier det smittefarlege avfallet kjem frå legekontor og dyrelegar.

– Avfall som kan innehalde smitte blir levert i forsegla boksar, seier Sataslåtten.

Avfallet blir deretter brent i forbrenningsomnen saman med mellom anna hushaldningsavfall og trevirke.