Gol kommune skal tilretteleggje for kompetanse, innovasjon og utvikling. Den nye næringsplanen tek også sikte på å gjere Gol til hovudstad for bank og finans i Hallingdal.
Gol kommune skal tilretteleggje for kompetanse, innovasjon og utvikling. Den nye næringsplanen tek også sikte på å gjere Gol til hovudstad for bank og finans i Hallingdal.

Vil bli kapitalhovudstad og kunnskapspark

Det er gått snart fem år sidan golingane bestemte seg for å lage ein næringsplan. No er dokumentet endeleg ferdig.

– Det er ein god plan. Les han, var oppmodinga frå Tore Dag Skjerdal (Sp). Han fekk æra å «avduke» næringsplanen under kommunestyremøtet i Gol 11. november.

Planen vil bli førande for saksbehandling – i alle fall dei komande fire år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette vil ein satse på

I perioden frå 2014 til 2018 vil det bli satsa på å:

n få fram attraksjonar eller «magnetar» som Gol skal byggje identiteten rundt.

n skape nye verksemder.

– Det er eit kunstig ord, men det handlar om kunnskap og opplæring, sa Svein Eide (Ap).
– Det er eit kunstig ord, men det handlar om kunnskap og opplæring, sa Svein Eide (Ap).
Steinar Medhus (H) var frustrert over at det ikkje skjedde noko i Gol i 2010. Når næringsplanen no ligg på bordet er han meir fornøgd.
Steinar Medhus (H) var frustrert over at det ikkje skjedde noko i Gol i 2010. Når næringsplanen no ligg på bordet er han meir fornøgd.

n styrkje vitaliteten i næringslivet.

n auke tilstrøyminga til Gol i form av både bustader og nye reisemål.

n bidra til å styrke optimisme og gjennomføringsevna i Gol.

n styrke arbeidslivet gjennom aktiv bruk av arbeidsmarknadstiltak for å få fleire med nedsett arbeidsevne ut i arbeid.

n ta vare på hjørnesteinsverksemder sine behov.

Artikkelen held fram under annonsen.

n stimulere til partnarskapsarbeid.

n føre til at Gol blir kapitalhovudstad innan finans og forsikring for Hallingdal.

For å nemne noko.

– Må bli revidert ofte

Helge Feet (V) var tydeleg på at også Steinar Medhus (H) skulle ha sin del av æra for at det i det heile er blitt ein plan.

– Dette var hans kongstanke, sa Feet. Medhus bad ikkje sjølv om ordet, men Hallingdølen snakka med han etter møtet.

– Kvifor har det tatt så lang tid å lage ein slik plan?

– Det har vore usemje om målet og kva ein slik plan skal omfatte.

– Er du nøgd med resultatet?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har berre fått skumma han, men det ser veldig bra ut. Me bør nok revidere han ofte.

– Ein kan innvende at planen ikkje er spesielt konkret?

– Han kan ikkje vere konkret. Ting endrar seg så fort at det vil bli gale, sa Medhus.

Kunnskapspark

Under møtet var det fleire som stadfesta dette, blant anna ved å vise til at Visit Hallingdal AS var omtala som eit samarbeidstiltak hallingdalskommunane i mellom, samstundes med at selskapet, slik me kjenner det, mest truleg er historie.

Det passar dårleg med Roger Toppen (H) si melding.

– Me må sjå meir i regionsperspektiv. Det er ikkje berekraftig å konkurrere oss imellom.

Svein Eide (Ap) ville likevel at Gol skulle setje seg i førarsetet på å gjere kommunen til kunnskapsparken i Hallingdal.

– Framtida består av kunnskap og opplæring. Me må samle dette på ein stad for å styrke regionen, sa han.