Vil berge idrettslinja og skulen i Numedal - positive signal for industrilinje ved Ål vgs
Mindretalsfløya i fylkestinget går inn for vidare drift av både idrettslinja på Gol vidaregåande og Numedal videregående skole. Det blir også jobba for industri- og teknologilinja i Ål.
I ei pressemelding skriv partia Ap, Sp, MDG og Raudt at dei vil berge både idrettslinja på Gol vgs., og heile den vidaregåande skulen i Numedal.
Dei fire partia har meiner desse tilboda innan den vidaregåande opplæringa i Buskerud må haldast oppe. Den enkle løysinga er å senke kravet til overskot i fylkeskommunen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Buskerud fylkeskommune har eit større økonomisk handlingsrom enn det blir gitt inntrykk av. Dette handlingsrommet bør blant anna brukast på idrettslina og Numedal vgs., heiter det i pressemeldinga.
I utgangspunktet er idrettslinja alt gjennom nålauga, men saka må bankast politisk også.
Julegåver, eller …
Onsdag har fylkesutvalet neste års budsjett oppe til behandling. Det er i denne samanhengen fylkespolitikarane no diskuterer nedlegging av skular. Det er enno nokre veker att til fylkestinget skal gjera sitt endelege vedtak. Det skjer tett før jul, i møta måndag og tysdag 16.- og 17. desember. Då spørst det kva pakker politikarane har lagt under juletreet til den oppveksande generasjonen i fylket.
– Har to val
Med 20 representantar på fylkestinget er dei fire partia langt unna fleirtalet. Men dei meiner tydelegvis likevel at det er mogeleg å nå fram med forslaget.
– Me har no to val. Skal me ha 120 millionar i overskot, eller skal me ha litt mindre overskot og heller bruke pengar på skule. For oss er det enkelt. Senterpartiet, Arbeiderpartiet, SV, MDG og Raudt set tilbodet til elevane først, seier Magnus Weggesrud (Sp)
Treng fleire val
– Idrettslinja har ein lang og god tradisjon i Hallingdal, og alltid vore svært populær. Samtidig ønsker stadig fleire ein meir praktisk skuledag. Det må gå an å for elevar i Hallingdal å ha ulike tilbod å velja mellom, utan å måtte flytte. Gol vidaregåande skule har på få år kutta tre linjer, og det har vore svært smertefullt. Difor vil det å legge ned idrettslinja vera eit stort tap for hele lokalsamfunnet, seier Lirigzona Berisha (Ap)
Trugar bygdesamfunnet
Hanne Myren (Raudt) er første vara til fylkestinget. Ho meiner det blir feil å legge ned den einaste vidaregåande skulen i Numedal.
– Det blir som eit første steg mot å legge ned bygda. Å legge ned Numedal vgs. blir sett som eit første steg for å legge ned bygda. Meir fråflytting er det motsette av det me treng, seier Myren.
Artikkelen held fram under annonsen.
Senk kravet til overskot
Inndekninga vinn dei raudgrøne partia ved å sanke kravet til årleg overskot i fylkeskommunen som er vedteke til tre prosent av budsjettet. Dei meiner det må halde med halvparten. Det vil seie 60 millionar kroner.
– Me håper at Høgre og Frp no lyttar. Me vil setja elevane først, framfor flest mogeleg pengar i banken, seier Weggesrud, Berisha og Myren i pressemeldinga.
Ål er også med
Den raudgrøne sida prøver tydelegvis å berge så mykje som råd av dagens tilbod innan vidaregåande opplæring i Buskerud.
Onsdag morgon sa gruppeleiaren for Ap i fylkestinget, Mons Ivar Mjelde, til NRK Buskerud at dei også meiner det er viktig å ta vare på industri- og teknologilinja ved Ål vidaregåande skole. Han understreka der engasjementet og innsatsen næringslivet viser når det gjeld å bevare tilbodet.
Stiller seg positiv
Gruppeleiar for Høgre Iselin Haugo Stavn meiner det er mykje fornuftig i utspelet frå dei fire partia. I ein SMS til Hallingdølen skriv ho at «eg synest dei har tenkt mange fornuftige tankar og mange av dei same tankane som oss. Fylkesutvalet fekk seinast tysdag nye tal servert frå fylkesdirektøren, noko som gjer at me tek oss lengre tid for å sikre forslaget vårt. Me er opptekne av å finne dei beste løysingane for innbyggarane i Buskerud og kjem til å koma tilbake med forslag til budsjett før fylkestinget».