Brannmånaden desember: Rolf Sveinhaug skiftar batteri i brannvarslaren for deg.

Ver varsam - det brenn i desember

Desember er ein brannfarleg månad. Har du sjekka batteria i brannvarslarane? Ikkje? Det kan du få hjelp til.

Småjobbsentralane i Hol, Ål, Gol, Hemsedal og Nes tilbyr no hjelp til pensjonistar og andre som treng det. Dei kjem på døra med hjelp til å bytte batteri i brannvarslaren.

Tryggare

– Me vil gjera livet tryggare for risikogruppene. Staten og Gjensidigestiftelsen står bak «Det store brannløftet». Utgangspunktet er at 70 prosent av dei som døyr i bustadbrann i utgangspunktet er meir utsette for risiko enn andre. I halvparten av tilfella har brannvarslaren ikkje verka, seier Rolf Sveinhaug som representerer Småjobbsentralen i Ål. Det er i samband med røykvarslardagen 1. desember at småjobbsentralane no er ute på oppdrag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Pipebrann ved hotell - nabo såg brannen og tipsa

Gratis tilbod

Tilbodet er gratis. Kostnadene vert dekt av forsikringsselskap og bankar med kontor i Hallingdal. Folk frå småjobbsentralane utfører sjølve jobben med å skifte batteri og sjekke at brannvarslaren verkar.

Men dei som ikkje har brannvarslar, må sjølve betala innkjøpet. No finst det brannvarslarar der batteriet held i ti år.

– Dei skal få god pris, lover Sveinhaug.

Rolf Sveinhaug sjekkar at brannvarslaren er i orden og skiftar ut batteria.

Kontakt servicekontoret

Treng du hjelp til å bytte batteri, ring servicekontoret i kommunen for å lage avtale. Dei formidlar vidare oppdraga til småjobbsentralane.

Les også
Han redda sauene frå flammehav: – Eg tenkte på far og bestefar som hadde bygd låven

– Ikkje stå på ein stol sjølv og bytt batteri. Ring servicekontoret i kommunen din, så kjem me og gjer det i løpet av desember og januar. Me har med trappestige og batteri, lovar Sveinhaug.

Det er to år sidan dei starta opp med dette tilbodet, men i fjor sette koronaen ein stoppar for opplegget. Då vart det ingen ting.

- Ikkje stå på ein stol sjølv og bytt batteri. Ring servicekontoret i kommunen din, så kjem me og gjer det i løpet av desember og januar, seier Rolv Sveinhaug.

Flest opp mot jul

Desember er den mest brannfarlege månaden, med flest brannar tett opp mot julaftan og romjul. Det syner statistikk frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap. Det er og i desember det er flest dødsbrannar. Dei fleste offera er eldre, eller nokon tilhøyrer ein risikoutsett gruppe.

Per 8. desember i år har 41 personar omkome i brann. I fjor var talet 43. I snitt døyr det årleg 61 persona i brann, 80 prosent i bustadbrann. I gjennomsnitt har seks personar mista livet i brann i desember i perioden 2015 til 2019.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Å vaske tøyet når du ligg under dyna kan vera fatalt
Les også
Her er dei nye nasjonale tiltaka: - No er det alvor
Les også
— Næringslivet blir igjen hardt råka — det er dei som har hatt det tøffast heile vegen