Ola Stølen er med i Nye Gol AS som har areal ved den tredje avkøyringa til Gol.
Ola Stølen er med i Nye Gol AS som har areal ved den tredje avkøyringa til Gol.

Ventar på utspel frå vegvesenet

Heller ikkje Ola Stølen i Nye Gol AS kan gje noko konkret svar på når den mykje omtalte døgnkvileplassen for langtransportsjåførane kan stå klar.

Det er Nye Gol AS som disponerer grunnen ved den planlagde tredje avkøyringa på Storøyne der det er planlagt å etablere døgnkvileplassar for yrkessjåførar og vegserviceanlegg med bensinstasjon og serveringsstad.

Å leggje til rette for kvilestader for yrkessjåførane, er Statens vegvesen sitt ansvar. Det kan anten skje ved at vegvesenet sjølv byggjer og driv anlegget, eller ved at private aktørar byggjer og driv det på oppdrag frå vegvesenet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Har godt eigna tomt

Ifølgje Stølen er Statens vegvesen godt kjent med at det er ein godt eigna tomt til å etablere døgnkvileplass på sørsida av Rv7 ved Storøyne.

Stølen seier han har etterlyst eit utspel frå Statens vegvesen om når det kan vere aktuelt å etablere ein døgnkvileplass i Gol.

Purra og purra

Han har fått opplyst at dei ville lyse ut anbod på å etablere døgnkvileplassar. Det skulle skje i haust.

– Men eg har førebels ikkje sett noko. Så lenge me ikkje får Statens vegvesen på banen, er det uråd for meg å svare på når dette kan kome på plass. Eg har purra og purra. Det siste eg høyrde var at det skulle inn på budsjettet for 2013, seier han.

Veg og infrastruktur

Ifølgje Gol kommune har utbyggingsplanane på Storøyne stoppa opp i påvente av at kommunen og tre private aktørar skal bli samde om ein finansieringsmodell for veg og infrastruktur.

– Når skjer det?

– Det blir jobba med dette. Spørsmålet må nødvendigvis bli avklart i løpet av våren, seier Stølen.